VENTETID: Frå 20.00 i kveld startar vedlikehaldsarbeid med Fodnestunnelen. Illustrasjonsfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
VENTETID: Frå 20.00 i kveld startar vedlikehaldsarbeid med Fodnestunnelen. Illustrasjonsfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Arbeid i tunnelar

Fleire stader i Sogn må ein rekne med venting.

Indre Sogn: Det er ein del arbeid i tunnelar som pågår i Indre Sogn denne veka. Her er ei oversikt over kor du må rekne med å vente litt dersom du er på farten:

Lærdalstunnelen: Her er det forseinkingar på 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid, men utrykningskøyretøy kan passere. Passering skjer med ledebil kvar halve og heile time. Arbeidet skal pågå til og med onsdag klokka 20.00.

Bergstunnelen: Mellom Jølster og Sogndal kan ein treffe på vedlikehaldsarbeid i Bergstunnelen på riksveg 5. Vedlikehaldsarbeidet her gir 15 minutt ventetid på det meste og skal pågå fram til 19.00 i kveld.

Fodnestunnelen: Litt lengre inn i fjorden på same riksveg skal det også pågå vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen. Her blir det 15 minutt venting. Dette arbeidet startar 20.00 onsdag kveld og pågår fram til 22.00 fredag.

Elles er det som vanleg stenging i Bermålstunnelen på fylkesveg 53, og på Filefjell er det lysregulering på grunn av arbeidet som pågår med tunnelen.

 

Til toppen