STÅR ATT ARBEID: Natt til torsdag skal Telenor gjera det resterande arbeidet etter brannen i Lærdal i 2014. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
STÅR ATT ARBEID: Natt til torsdag skal Telenor gjera det resterande arbeidet etter brannen i Lærdal i 2014. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Arbeid natt til torsdag kan føra til redusert mobildekning

Mellom klokka 01.00 og 06.00 natt til torsdag vil Telenor utføra arbeid i Lærdal. 

Det resterande arbeidet etter brannen i Lærdal i 2014 skal bli utført natt til torsdag. 

Arbeidet er av tilgrensa omfang og kan føra til redusert mobildekning i ei kort periode på inntil 30 minutt i løpet av natta. Det gjeld også basestasjonane i Lærdals-tunnelen og i Fodnes-tunnelen. I tillegg vil det kunne vera korte brot på enkelte leigde kundesamband i løpet av natta, melder Anne C. F. Eide, rådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap.

I februar utførte Telenor også arbeid på fibertraseen i Lærdal. Då vart breiband og telefon vart kopla ut gjennom natta. 

Les også: Koplar ut breiband og telefon.

Til toppen