LYSREGULERING: På Filefjell pågår arbeidet med E16 for fullt, og på prosjektet si Facebook-side kan ein følgje prosessen. Foto: Statens vegvesen.
LYSREGULERING: På Filefjell pågår arbeidet med E16 for fullt, og på prosjektet si Facebook-side kan ein følgje prosessen. Foto: Statens vegvesen.

Arbeid på vegane i Sogn​

Det er arbeid på fleire vegar i Sogn denne veka.

Sogn: På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det vedlikehaldsarbeid i Geiteryggtunnelen på strekninga Vestredalsvatnet til Hol.

Vegen er innsnevra, hastigheita er sett ned til 50 kilometer i timen og det er lysregulering i samband med arbeidet, noko som kan gi noko ventetid.

Arbeidet her pågår mellom 07.00 og 20.00 fram til 31. mai.

På riksveg 5 Frudalstunnelen vert vegen stengd i korte periodar på strekninga Jølster-Sogndal. Her pågår det vegarbeid fram til 20.00 måndag kveld.

Elles pågår arbeidet med E16 for fullt på Filefjell. Ved Kyrkjestølen jobbar entreprenør med oppbygging av ny E16. Difor går trafikken no på ei smal, lysregulert køyrebane gjennom området.

Prosjektet har ei eiga Facebook-side der ein kan følgje arbeidet med vegen.

– Aktiviteten på daganlegga på E16 Filefjell er aukande i tida framover. I Tyinkrysset er trafikkmønsteret endra, og i området rundt Kyrkjestølen skal ny veg no byggjast opp i terrenget. Der vil bilistane merke strekkvise omleggingar, etter kvart som Hæhre jobbar seg frå vest mot aust, vert det informert om der.

Til toppen