STØTTE: Hilmar Høl (Ap) har fått bra med støtte frå heimkommunen Årdal, men elles i Indre Sogn er det Senterpartiet som er den store vinnaren. (Bilde: Ådne Dyrnesli/NRK.)

Stortingsvalet 2017

Arbeidarpartiet framleis størst i Årdal

Hilmar Høl (Ap) takkar for støtta, men har for lengst lagt frå seg tanken om stortingsplass.

Årdal: Som det kjende uttrykket seier, er det ikkje over før den feite dama syng. Akkurat no ser det ut til at det dagens regjering skal halde fram i fire nye år. Samstundes er det ingen som innkasserer nokon siger eller seier seg heilt nøgde eller misnøgde med dei førebelse resultata måndag kveld.

Nasjonalt ligg det an til at dei borgarlege partia for halde fram, men lokalt er det eit oppløftande resultat for fylkesleiaren i Arbeidarpartiet. I heimkommunen ser det ut til at sambygdingane har prøvd sitt for å få Høl inn på tinget.

– Det er det ikkje tvil om. Eg er veldig glad for oppslutnaden frå Årdal. Det skal alle vita. Eg trur Årdal blir den største Ap-kommunen i landet dette valet. Det set eg utruleg stor pris på. Det viser at me har tillit i Årdal uavhengig av om eg kjem derfrå eller ei, seier han til Porten.no.

Tanken om tinget er død

Med nesten alle røystene opptalt har partiet hans ein oppslutnad på 59,9 prosent. Det er riktig nok ein nedgang på 2,9 prosent frå førre stortingsval, men er også ein oppgang på 1,9 prosent frå fylkestingsvalet for to år sidan. 

På fylkesnivå er Ap nest størst bak Senterpartiet, som definitivt kan kallast den store vinnaren med ein framgang på over 8 prosent. Det betyr at førebels ser det ikkje ut til at Ap sin andrekandidat får ein periode på Stortinget.

– For min del har den tanken vore daud i månads tid. Eg håpar berre på raudgrønt fleirtal. Og eg vil ha ein varaplass til tinget. No ventar me på dei store byane. Alle skal teljast, og eg trur det er byane som kan vippa det i vår favør.

Kanontal for Senterpartiet

Med unntak av nemnde Årdal er det Senterpartiet som dominerer i Indre Sogn. I både Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland og Lærdal er partiet størst. I samtlege kommunar utanom Lærdal har partiet ein vekst på tosifra tal prosent, syner førebelse tal. Størst er veksten i Aurland med 12,3 prosent samanlikna med førre stortingsval. 

– Det er veldig, veldig bra. Me sit ein gjeng nede på puben no og feirar. Me er veldig nøgde, seier leiar i lokallaget Audhild Rogdo.

– Eg trur alle reformane med kommunesamanslåing og kommunereforma, som Senterpartiet har vore tydeleg imot, spelar ei stor rolle for veksten.

Saka vert oppdatert med dei førebelse resultata for alle kommunane. (Sjekk dei oppdatert tala her)

Årdal (95,2 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Arbeidarpartiet 59,9 -2,8
Senterpartiet 16,5 7,3
Høgre 9,7 -3
Framstegspartiet 6,7 -1,4
Sosialistisk Venstreparti 2,6 0,5
Miljøpartiet Dei Grøne 1,2 0,2
Venstre 1,1 -0,8
Raudt 0,9 0,6
Kristeleg Folkeparti 0,5 -0,9
Helsepartiet 0,4 0,4
Partiet Dei Kristne 0,2 -0,3
Liberalistene 0,1 0,1
Demokratene i Norge 0,1 0,0
Alliansen 0,0 0,0

Lærdal (99,8 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Senterpartiet 37,4 7,1
Arbeidarpartiet 27,2 -4,1
Høgre 13,2 -2,2
Framstegspartiet 10,3 7,6
Sosialistisk Venstreparti 5,2 0,6
Venstre 2,3 -2,2
Raudt 2,2 1,4
Miljøpartiet Dei Grøne 1,4 -0,2
Kristeleg Folkeparti 0,6 -1,1
Helsepartiet 0,2 0,2
Demokratene i Norge 0,1 -0,1
Alliansen 0,0 0,0
Liberalistene 0,0 0,0
Partiet Dei Kristne 0,0 0,0

Aurland (99,8 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Senterpartiet 30,3 12,3
Arbeidarpartiet 26,7 -5,5
Høgre 19 -2,8
Framstegspartiet 9,3 0,0
Miljøpartiet Dei Grøne 4,9 -1,2
Venstre 3,8 -1,7
Sosialistisk Venstreparti 3,1 -0,3
Kristeleg Folkeparti 1,4 -0,9
Raudt 0,8 0,0
Alliansen 0,2 0,2
Demokratene i Norge 0,1 0,1
Helsepartiet 0,1 0,1 
Liberalistene 0,1 0,1
Partiet Dei Kristne 0,1 -0,4

Sogndal (95,2 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Senterpartiet 32,5 10,9
Arbeidarpartiet 23,3 -6,7
Høgre 15,5 -2,6
Framstegspartiet 9,1 -1,3
Sosialistisk Venstreparti 7,7 2,7
Kristeleg Folkeparti 3,9 -3,0
Venstre 3,5 -1,3
Miljøpartiet Dei Grøne 3,1 1,1
Raudt 1,0 0,6
Partiet Dei Kristne 0,2 -0,2
Helsepartiet 0,1 0,1
Liberalistene 0,1 0,1
Alliansen 0,0 0,0
Demokratene i Norge 0,0 0,0

Luster (99,8 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Senterpartiet 39,9 11,5
Arbeidarpartiet 28 -7,3
Høgre 10,9 -1,2
Framstegspartiet 7,5 -0,9
Kristeleg Folkeparti 5,4 -1,9
Sosialistisk Venstreparti 3 0,6
Venstre 2,1 -0,9
Miljøpartiet Dei Grøne 1,6 0,2
Raudt 0,8 0,4
Partiet Dei Kristne 0,6 -0,3
Helsepartiet 0,2 0,2
Alliansen 0,0 0,0
Demokratene i Norge 0,0 0,0
Liberalistene 0,0 0,0

Leikanger (99,8 prosent)

Parti %-vis oppslutnad Endring 2013
Senterpartiet 37 11,2
Arbeidarpartiet 28,4 -6,3
Høgre 10,9 -2,7
Sosialistisk Venstreparti 7,2 1,2
Framstegspartiet 6,2 0,3
Venstre 3,9 -1,9
Kristeleg Folkeparti 2,8 -1,8
Miljøpartiet Dei Grøne 1,8 -0,2
Raudt 1,2 0,5
Alliansen 0,1 0,1
Demokratene i Norge 0,1 0,1
Helsepartiet 0,1 0,1
Liberalistene 0,1 0,1
Partiet Dei Kristne 0,1 -0,4
Til toppen