Arbeidarpartiet om eigen politikk

Arbeidarpartiet om eigen politikk

Bli kjend med kva Årdal Arbeidarparti meiner er viktig for dei neste fire åra.

Alle partia som stiller liste i Årdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

Kva er den største utfordringa Årdal kommune står overfor dei neste fire åra?

Det er etter mitt syn å få orden på økonomien, ut av Robek i 2016 og etter det ha som målsetting å få eit overskot i budsjettet på 10 millionar kroner årleg kvart år for å få handlefridom til i første omgang å gå laus på eit vedlikehaldsetterslep, både på bygningsmasse og for så vidt gate og det meste av infrastruktur i Årdal. Det er det viktigaste i denne fireårsperioden.

Kva vil ditt parti gjera med det?

Me vil i kommunestyret syta for at det blir prioritert slik at me kjem ut av Robek når neste år er omme, og det er budsjettet for 2016 som får betydning for det og skal behandlast i desember månad. Eg trur den hjelpa kommunen har fått gjennom KS vil styrka kommunen på sikt når det gjeld å få kommunen skikkeleg på plass og få eit overskot på 10 millionar.

Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Det er me ikkje konkrete på i denne fireårsperioden fordi me no må ta fatt på det vedlikehaldsetterslepet me har. Klarar me å få på plass dette overskotet og moglegheit til å gjera noko med vedlikehald på infrastruktur og bygningsmasse, kjem me til å prioritera det.

Kva vil ditt parti gjera for å sørgja for utvikling og busetting i alle bygdene i Årdal kommune?

Det må vera å ha ein strategi på det, og det har me, og skal me ha, gjennom strategisk næringsplan gjennom Årdal Utvikling og næringsarbeidet. Eg meiner me sjølvsagt skal jobba for ei utvikling på begge tettstadane, men dei kan ikkje få det sama.

Kva meiner ditt parti om kommunereforma, kva alternativ passar Årdal best, og korleis stiller de dykk til folkerøysting?

Kommunestyret i Årdal har sagt at dersom det blir endring i kommunestrukturen, må me sjå mot Lærdal og Aurland. Det er det mest naturlege for oss, og dei har me hatt eit samarbeid med no i 15 år. Det ligg best til rette for dei tre kommunane meiner kommunestyret.

Utgangspunktet er at me blir åleine framover som kommune, men om det blir ei kommunereform er Lærdal og Aurland det som det ligg best til rette for.

Eg meiner dette er ei så viktig sak for innbyggarane at skal du ha ei folkerøysting, kan du ha det her.

Korleis kan de som politikarar bidra til å rekruttera kompetanse til kommunen?

Det må vera å ha attraktive arbeidsplassar og vera ein attraktiv kommune å bu i. Me har eit godt slagord i kommunen, og det er at kommunen skal vera ein trygg og god kommune både bu, arbeida og leva i, og det får vera det som er styrande for det me får til på dei fleste felt.

Korleis skal de få unge til å bli og andre til flytta til kommunen?

Det er det vanskelege spørsmålet å svara på som disktriktskommune. Det viser seg at dei fleste unge reiser fra distriktskommunane til sentrale strøk for å få utdanning, og sjølvsagt er jobben vår å prøva å få nokre av dei tilbake att. Då må me ha attraktive arbeidsplassar for begge og ein god kommune å bu i.

I Årdal er det tradisjon for to av alt; har kommunen råd til det og kor kan ein spara pengar?

Kommunen har ikkje råd til det i tida framover. Det viser seg no at mange kommunar i landet blir sterkt utfordra på økonomi. No ligg det eit forslag frå regjeringa, som består av Høgre og Frp, med støtte av andre parti lansert eit forslag som no er på høyring og som innbefattar at Årdal kommune vil mista 25 millionar kroner årleg eigedomsskatt viss dette blir vedteke. Her blir me utfordra så sterkt at det ikkje er mogleg å sjå kva som skjer viss det blir gjennomført, så å få orden på økonomien med det inntekstgrunnlaget me har i dag skal me sjølvsagt få til, men får ein slike utfordringar i tillegg, blir det vanskeleg.

Kva kan ditt parti gjera for å bidra til å sikra industri og næringsliv i Årdal?

Årdal Arbediarparti er svært oppteken av næringsutvikling, og den jobben gjer me gjennom behandlinga av strategisk næringsplan. No skal me gjennom ei tung rullering av planen, som me byrjar med alt 3. september, der kommunestyret som har sete i denne fireårsperioden skal få vera med på det. Sidan skal ein jobba utover våren med ei tung rullering, og då må ein sjølvsagt gå gjennom dei strategiane me har og få innspel på kva me skal satsa på dei neste fire åra. Det er spennande, og så får me sjå kva me endar opp med, men arbeidsplassar er det viktigaste for Årdal Arbeidarparti. Gode og trygge arbeidsplassar og arbeid til alle er det som gjer at folk bur i bygda.

Kva vil ditt parti gjera for å sikra eit vidaregåande skuletilbod i Årdal?

Vidaregåande skulen er ein institusjon i årdalssamfunnet som me skal slåst for å behalde og utvikla vidare. Den er òg truga, men den er såpass viktig for samfunnet at den trygga me ein del ved å satsa på med å skapa lærlingsplassar. Opplæringskontoret vårt har gjort ein kjempejobb og syter for at dei fleste får lærlingplass i bedriftene våre, og det vil òg styrka den vidaregåande skulen at dei som går ut av skulen får ein lærlingplass og arbeidsplass etter fullført skule. Rekrutteringa til næringsliv og lærlingordninga og den vidaregåande skulen skal me jobba hardt for å utvikla slik at den som vil, får ein lærlingplass.

Kva vil de gjera for dei eldre og menneske med spesielle behov?

Det er den viktigaste gruppa me yter tenester til. Me ønskjer å yta best mogleg teneste til alle som har behov for det, og eg tenkjer at eg ofte stiller meg spørsmålet, og det burde dei fleste stilla seg, «Kven er me er for?». Som politikar og som arbeidstakar i kommunen, er dette eit spørsmål som er viktig fordi me er her for innbyggarane og folk som treng tenester, og denne gruppa treng teneste i høgste grad, og dei ønskjer me å bidra til at dei får ei best mogleg teneste når dei treng det. 

Kva meiner ditt parti om satsinga på reiseliv og andre område for Årdals del?

No skal me ha ei tung rullering av strategisk næringsplan. Me har alt i dag ei høg satsing på reiseliv. Eg trur ikkje me kan leva av det i framtida, men eg trur det er viktig for lokalsamfunnet at ein har reiseliv, og Årdal er ein kommune det ligg til rette for, iallfall når det gjeld Utladalen og Jotunheimen. Me skal setja reiseliv høgt på dagsorden i den komande perioden.

Kva kan de som politikarar gjera for å sikre busetjing og integrering av flyktingar? 

Kommunestyret har vedteke at me skal busetja frå asylmottaket viss det er mogleg fordi dette er personar som har vore i kommunen vår ei stund, og eg trur det er viktig at me får til det, og det har me delvis fått til til no. I tillegg er det sjølvsagt viktig at dei som blir busett i kommunen får seg arbeid. Eg trur arbeid er ein viktig nøkkel til integrering.

Til toppen