HØL: Dersom medlemar i Arbeidarpartiet eller andre opplever at eg legitimerer seksuell trakassering så blir eg ærleg talt lei meg.
HØL: Dersom medlemar i Arbeidarpartiet eller andre opplever at eg legitimerer seksuell trakassering så blir eg ærleg talt lei meg. (Foto: Jostein Vedvik)

Høl blir skulda for å bagatellisere seksuell trakassering: – Har teke nattesøvnen min

Hilmar Høl, fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Arbeiderparti og ordførarkandidat i Årdal kommune, har fått kritikk frå kollegaer i Ap etter at han tysdag uttala seg om det han kalla for ei «heksejakt» mot Trond Giske.

Sogn/Årdal: Skuldingane kjem etter at Høl kommenterte ein dansevideo av Trond Giske og ei ung kvinne på ein nattklubb:

– Det minner om ei «heksejakt» når ei fagforeining i Oslo sender videoen frå ein dansande Giske til media og kallar det ei varslingssak. Til alt overmål utan å kontakte kvinna i videoen. Slik gjer ein berre ikkje, seier Høl til NRK

Thor Erlend Mehammer i Sunnfjord Ap sa til NRK at Høl bagatelliserte og i verste fall legitimimerte seksuell trakassering. Fleire på sosiale media har òg vore særs kritiske til Høl sin kommentar. 

Høl: – Eg hatar alle formar for trakassering

Sjølv kjenner Høl seg misforstått og er fortvila over at han blir skulda for å legitimere seksuell trakassering. 

– Eg synst det er heilt forferdeleg. Dette har teke nattesøvnen min. Eg har vore deppa i to dagar på grunn av dette. Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje har slike meiningar.

– Eg hatar trakassering og alle formar for trakassering. Å bli sett i ein slik bås er eine og aleine på grunn av det som skjedde måndag kveld, seier Høl til Porten.no. 

Høl viser til eit besøk NRK gjorde i Årdal, med Andreas Bakken i Årdal Kjemiske og han sjølv, som resulterte i ein reportasje på Vestlandsrevyen og ein nettartikkel.

Ifølgje Høl, kom grunngjevinga for «heksejakt»-kommentaren berre med i TV-reportasjen, ikkje i nettsaka.

Forstår at det blei tolka slik 

Han presiserer at han framleis står for uttalelsen og stiller spørsmål ved om varslinga er gjort «etter boka»: 

– Når ei fagforeining i Oslo sender videoen av ein dansande Giske til media og kallar det ei varslingssak, så bryt dei nokre viktige prinsipp. Dei gjer dette utan å kontakte kvinna i videoen. Eg syns ikkje det er greitt å gjere, både i høve personvern, og at dei ikkje blir kontakta. Sånt gjer ein berre ikkje. Dei som då blir råka av det, er kvinnene bak videoen. Skal me slutte å tenke på dei?

– Eg har blitt tillagt meiningar som eg ikkje har og vorte ein jaga person. Folk skriv at dette ikkje er verdig ein fylkesleiar eller påtroppande nestleiar i Vestland Ap. Når det har stått slik som det har stått, forstår eg at folk har sett det slik. 

Til toppen