RYDDAR ONSDAG: Onsdag startar arbeidet med å rydde vekk raset som kom over den populære turstien i Aurlandsdalen. Foto: Håkon Gøthesen. 
RYDDAR ONSDAG: Onsdag startar arbeidet med å rydde vekk raset som kom over den populære turstien i Aurlandsdalen. Foto: Håkon Gøthesen. 

Arbeidet med å rydde stien startar onsdag

– Men eg kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta, seier ordføraren i Aurland.

Aurland: Tysdag har geolog og entreprenør vore og sett på raset som gjekk over den populære turstien i Aurlandsdalen i helga. Onsdag startar arbeidet med å rydde vekk raset.

– Det er litt sprengingsarbeid med ei stor blokk som ligg over raset, men elles er det stort sett klart for arbeid, seier Noralv Distad.

Han kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å få rydda vekk raset, men kommunen varslar på sine heimesider at det vil koma ei ny melding så snart arbeidet er avslutta.

Kommunen tar rekninga

Det er kommunen sjølv som tar rekninga for å rydde raset sidan dette er ei ekstraordinær hending. 

– Det er mykje frivillig innsats som vert lagt ned i Aurlandsdalen for å halde dalen og stien i god stand og rydda. Då er det naturleg at kommunen trør til sidan me set utruleg stor pris på den innsatsen, seier ordføraren vidare.

Heldigvis kom raset før fottursesongen verkeleg er i gang for fullt. Stien startar ved Østerbø og endar i Vassbygdi. Røft rekna går 15 000 fotturistar stien i løpet av sesongen, og ein stor del av desse leiger overnatting i kommunen.

Uaktuelt med rassikring

– Korleis er faren for nye ras?

– Det vil eg ikkje begi meg ut på, men det eg kan seie er at i Aurlandsdalen er det bratt og dermed utsett for steinsprang og denne typen ras. Eg har snakka med lokalkjende som fortel at på akkurat denne plassen som raset har gått, så har det gått ras tidlegare, men med ein del års mellomrom. Eg reknar no med at det bra reinska oppi fjellet etter dette raset.

– Kan det bli aktuelt å rassikra området?

– Nei, det er ikkje aktuelt. At det kan koma stein i Aurlandsdalen er ei kjend sak. Her har det gått turistar sidan 1800-talet, og alle som går i terrenget kjenner til risikoen som ligg der, men eg trur dei fleste opplever det som trygt og godt å gå her. Dessutan er det helst utanfor sesongen at sjansen for ras er størst.

Til toppen