Kaupanger: – Det er kjempegreier for oss som har vore her så lenge. Då held me ut i tjue år til, seier Øyvind Ness, sjef for lakkavdelinga på Skadesenteret Sogn.

På Kaupanger skal Toyota Sogn bygga eit dekkhotell på 500 kvadratmeter, medan skadesenteret, som er eigd av både Toyota Sogn og Berge & Co, blir ombygd og utvida til 1300 kvadratmeter.
Ness er glad for at dei får meir tumleplass, dedikerte stasjonar til dei ulike arbeidsoperasjonane og nytt moderne utstyr.
– Slik det er no er det trangt om plassen og det blir mykje flytting av bilar, seier lakksjefen, som gler seg til å få ein ny og mindre stressande arbeidskvardag.

Stort løft i ein tøff bransje
– Me har sprengt kapasitet og treng meir plass. I tillegg ønskjer me å vera framtidsretta og treng gode fasilitetar for å kunne utvikla oss vidare, seier Tor Arne Ness, dagleg leiar i Toyota Sogn.
Han seier 25 millionar er eit stort løft slik bilbransjen er for tida.

– Men me har drive godt over mange år og er trygge på at investeringane vil betala seg, seier Ness.
Det nye dekkhotellet vil få plass til opp mot tusen hjulsett, mot 450 som er kapasiteten deira i dag. Mobile reolar vil òg sørga for å redusera talet løft for dei tilsette.
– Dekkhotell er i vinden. Folk ønskjer å ha det sutalaust, seier Ness.
Skadesenteret utgjer den største kostnaden ved utbygginga:
(Artikkelen held fram under biletet)

Ny kvardag i lakkavdelinga
– Me har vokse ut av det me har no, seier dagleg leiar Leif Inge Breilid ved Skadesenteret Sogn.
Ombygginga vil gjera at dei vil få fleire dedikerte arbeidsstasjonar, slik at dei kan jobba meir effektivt og sleppa å flytta bilane så ofte. Dei vil òg rusta seg for å ta i bruk nye metodar, som IR- og UV-tørk i lakkeprosessen.
– Det er mange gode argument for å gjera det me gjer. Ikkje berre at me skal tena meir pengar, seier Breilid.

Han seier målet med utbygginga er å få betre flyt i arbeidet. Spesielt vil dei som jobbar i lakkavdelinga få ein lettare kvardag på jobben.
– Slik me har verkstaden i dag er det ein flaskehals. Det fører til eit høgt stressnivå når arbeidet hopar seg opp, seier Breilid.
Det siste kan sjefen for lakkavdelinga skriva under på.
– Det er ikkje mange fem-minuttarar her, det er bånn gass heile dagen. Den saken er grei, seier Øyvind Ness, som er glad for at eigarane tør å satsa.
Etter planen skal ombygginga vera ferdig i løpet av vinteren 2019.