Vestland: – Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni, seier Bjarte Hysing-Olsen, i ei pressemelding.
Han er fungerande direktør i NAV, og kan vidare fortelja at dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som var hardast råka. Samstundes ser ein at talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar, noko som ikkje er uvanleg i juli månad.
Kraftig fall
Vidare i pressemeldinga kjem det fram at i Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent, mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent.
– Samla sett ser me same utvikinga i Vestland fylke som på landsnivå. På Vestlandet elles noterer Rogaland ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og Møre og Romsdal 4,2 prosent. Oslo ligg høgast med 6,7 prosent og i den andre enden finn me Nordland med berre 3,2 prosent, seier Hysing-Olsen.
Som ei følgje av at mange permitterte er tilbake i full jobb, fall talet på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni. Dette gjeld innan alle bransjar, og som venta er det sterk nedgang innan butikkarbeid, reiseliv og transport, men òg for industri og bygg og anlegg.
Utsiktene framover er usikre
Talet på personar som har vore ledige over 26 veker utgjer no 4 963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid att og såleis får vi stadig fleire langtidsledige.
– Dette er ei utvikling som vi følgjer nøye og vil prioritere innsats på framover.
– Utsiktene framover er usikre. Det vil ta tid å erstatta tap av arbeidsplassar som følgje av konkursar og nedskjeringar, sjølv om konsekvensane av pandemien vonleg vert mindre utover hausten. Om det ikkje kjem alvorlege tilbakeslag ventar me at stoda i fylket vil utvikle seg positivt fram mot årsskiftet, seier Hysing-Olsen.
Tal heilt arbeidsledige fordelt på kommune:
Kommune | Tal ledige | Prosent av arbeidsstyrken | Endring frå i fjor (Tal) | Endring frå i fjor (Prosent) |
Årdal | 48 | 1,8 | 22 | 85 |
Luster | 70 | 2,6 | 47 | 204 |
Sogndal | 158 | 2,4 | 91 | 136 |
Lærdal | 27 | 2,4 | 17 | 170 |
Aurland | 46 | 4,6 | 35 | 318 |
Vik | 19 | 1,4 | 13 | 217 |
Høyanger | 74 | 3,6 | 25 | 51 |
Gulen | 15 | 1,2 | -1 | -6 |