FOR DET MESTE GRØNT: I dei åtte kommunane i Indre Sogn er arbeidsløysa under to prosent. I Sogndal, Leikanger og Aurland har det likevel vore ein auke på 10 prosent frå juli i fjor.
FOR DET MESTE GRØNT: I dei åtte kommunane i Indre Sogn er arbeidsløysa under to prosent. I Sogndal, Leikanger og Aurland har det likevel vore ein auke på 10 prosent frå juli i fjor. (Illustrasjon: NAV Vestland)

Arbeidsløysa er under to prosent i Indre Sogn - auke i tre kommunar

NAV Sogn og Fjordane og NAV Hordaland har samla arbeidsløysetala for juli for det nye NAV Vestland. Det syner at heile 29 av dei 59 kommunane har arbeidsløyse på 1,5 prosent.

Indre Sogn: Det går fram av ein pressemelding frå NAV Vestland.

Ein grafisk framstilling syner at alle åtte kommunar i Indre Sogn har ei bruttoarbeidsløyse på under to prosent i juli 2019. Sjå figur under. 

LÅG ARBEIDSLØYSE: I Indre Sogn er arbeidsløysa under to prosent. Illustrasjon: NAV Vestland

Det har likevel vore ein auke i dei tre kommunane Aurland, Sogndal og Leikanger frå juli i fjor til juli i år. Kartet syner prosentvis endring i bruttoarbeidsledigheita frå juli i fjor.

Dei tre kommunane hadde ein auke på meir enn ti prosent, og er difor raude på kartet. 

– Sidan desse kommunane har svært låg ledigheit frå før, kan dei prosentvise utslaga bli svært store sjølv om auken i antall personar ikkje er så høg, forklarar kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland Birgitte B. Lygre. 

Ho seier Aurland hadde ein bruttoledigheit på 11 personar, og ein auke på nokre personar vil gje store prosentvise utslag. 

– Kartet som visar prosentvis endring vør difor sjåast i lys av kartet som syner ledigheitsniået. Raud farge på ein liten kommune med låg ledigheit treng difor ikkje vera så dramatisk som det ser ut til, seier Lygre. 

Sogn og fjordane lågast i landet

I Vestland fylke gjekk arbeidsløysa i juli 2019 ned med over 1300 personar i høve til juli i fjor. Den totale arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane var til saman 2,3 prosent av arbeidsstyrken. 

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 1292 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent.

Til toppen