KAN BLI FLYTTA: Arbeidsplassane i NAV på Leikanger kan bli flytta til Bergen. – Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men me var førebudde på at forslaget ville kome, seie fylkesdirektør Tore Thorsnes til NRK. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
KAN BLI FLYTTA: Arbeidsplassane i NAV på Leikanger kan bli flytta til Bergen. – Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men me var førebudde på at forslaget ville kome, seie fylkesdirektør Tore Thorsnes til NRK. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Arbeidsløysa går ned, men ikkje blant dei over 50. Tala uroar NAV-direktøren

Tala for september viser at arbeidsløysa har gått ned samanlikna med tilsvarande tal for eit år tilbake, men blant dei over 50 år er situasjonen annleis.

Leikanger: – Trass i den positive utviklinga, er eg uroa og forundra over at stadig fleire godt vaksne arbeidssøkjarar framleis står utan arbeid i trivselsfylket, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

Ved utgangen av september var det 847 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 25 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 3 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet saman med Oppland.

Men blant ledige over 50 er det ein auke.

– Me registrerer faktisk ein auke på 30 prosent i talet på ledige over 50 år det siste året. Dette i ein situasjon der fleire bransjar strevar med å få tak i nye medarbeidarar. Dette er kompetent og påliteleg arbeidskraft med lang erfaring. Eg oppmodar bedriftene til å sjå ein gong til på søknaden eller kontakte NAV, som kan finne godt kvalifiserte og motiverte arbeidstakarar i denne aldersgruppa, seier Thorsnes.

Positivt for dei unge

Då er naturlegvis situasjonen motsett for dei unge i Sogn og Fjordane. I september var det 83 færre ledige i aldersgruppene under 40 år, medan det var 58 fleire i aldersgruppene over 40 år. 

– Det er ein klar tendens til at arbeidsløysa går ned blant yngre og aukar blant eldre arbeidstakarar. Dette har truleg samanheng med alderssamansetninga i dei bedriftene og næringane som blir råka av høgare arbeidsløyse. I tillegg satsar NAV mykje på å få yngre arbeidslause i aktivitet gjennom ulik virkemiddelbruk, fortel Thorsnes.

Elles er det reduksjon i arbeidsløysa i fire av seks kommunar i Indre Sogn. Sogndal er ein av kommunane i fylket der reduksjonen er størst med 14 færre ledige enn på same tid i fjor. 

Slik ser tala ut for din kommune

Kommune Tal ledige Endring tal ledige
Leikanger 12 4
Sogndal 41 -14
Aurland 12 5
Lærdal 12 -3
Årdal 35 -1
Luster 29 -10
Til toppen