Fylket: Norsun i Årdal var ei av dei større verksemdene som varsla om oppseiingar tilbake i oktober, men ifølgje Thorsnes har verken Årdal, Førde, Flora eller Stryn hatt nokon auke i arbeidsløysa i november.
– Det er sjølvsagt mogleg at ikkje alle oppseiingane er sett i verk enno, men det er også bra med ledige stillingar i desse kommunane for tida, og såleis gode moglegheiter for å finne nytt arbeid, seier Thorsnes i ei pressemelding frå NAV.
- Les også: Norsun må kutte: – Det skapar uro
Sogn og Fjordane har den klart lågaste arbeidsløysa i landet med 912 heilt ledige. Det utgjer berre 1,6 prosent av arbeidsstyrken og er 124 færre enn på same tid i fjor.
Mange kommunar med reduksjon
16 av 24 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i november. Den største har Flora, medan Leikanger har lågast arbeidsløyse med 0,4 prosent.
Ifølgje NAV er det innanfor serviceyrke og bygg og anlegg at arbeidsløysa går mest ned, men også innan butikk- og salsarbeid er det ei positiv utvikling, medan for industrien er arbeidsløysa uendra.
Også blant innvandrarar går arbeidsløysa ned med 31 personar frå november i fjor.
Fleire melder inn ledige stillingar
Thorsnes seier det er stadig fleire bedrifter som melder inn ledige stillingar til NAV. I november var det tilgang på 485 ledige stillingar i fylket. 200 av desse er meldt inn, medan resten er saksa frå media.
– Eg er glad for at stadig fleire verksemder melder ledige stillingar til NAV og at me såleis kan hjelpe fleire verksemder med rekruttering, seier Thorsnes.
Heilt ledige fordelt på kommune i Indre Sogn
Kommune | Tal | % av arbeidsstyrke | Endring frå i fjor % |
Leikanger | 5 | 0,4 | -17 |
Sogndal | 53 | 1,2 | 0 |
Aurland | 11 | 1,1 | -15 |
Lærdal | 13 | 1,1 | -43 |
Årdal | 36 | 1,3 | -10 |
Luster | 30 | 1,1 | 7 |