Leikanger: Sogn og Fjordane framleis har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,3 prosent, skriv NAV Vestland i ei pressemelding fredag.
I Indre Sogn har ingen kommunar ei arbeidsløyse over 1,1 prosent. Snittet ligg på 0,8 prosent, mot 2,1 i landet.
Tala er nesten urovekkande låge, fordi det blir fåe å velja mellom for dei som treng arbeidskraft.
– Mange rådmenn me er i kontakt med er uroa over manglande kvalifisert arbeidskraft. Reknestykket går ikkje opp når ein skal løysa alle oppgåvene i kommunen, og gjerne har verksemder som ønskjer å vekse, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland.
Les óg: No har me to kommunar der du kan telja talet arbeidsledige på éi hand
Urovekkande få ledige
Regjeringa har sett i gang ein inkluderingsdugnad som eit forsøk på å møta denne utfordringa.
– Eg har sagt det før, og eg seier det igjen, inkluderingsdugnaden er ikkje eit idealistisk prosjekt, men eit naudsynt grep for å sikra ein framleis godt fungerande velferdsstat, seier Bogsnes.
Heile tolv av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.
Slik er tala for Indre Sogn:
Kommune | Tal heilt ledige | % av arbeidsstyrken | Endring frå i fjor i tal | Endring frå i fjor i % |
Vik | 4 | 0,3 | -4 | -50 |
Balestrand | 5 | 0,7 | 0 | 0 |
Leikanger | 13 | 1,1 | 2 | 18 |
Sogndal | 48 | 1,0 | 8 | 20 |
Aurland | 7 | 0,7 | 3 | 75 |
Lærdal | 13 | 1,1 | -1 | -7 |
Årdal | 26 | 1,0 | -4 | -13 |
Luster | 19 | 0,7 | -2 | -10 |