MØTTE MINISTEREN: Iben Storli Øvstetun (21) og Sonja Kristine Strupstad (21) fekk begge møte arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) for å fortelja si historie om korleis dei fell ut av arbeidslivet, men kom seg på rett kjøl att.
MØTTE MINISTEREN: Iben Storli Øvstetun (21) og Sonja Kristine Strupstad (21) fekk begge møte arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) for å fortelja si historie om korleis dei fell ut av arbeidslivet, men kom seg på rett kjøl att. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Arbeidsministeren fekk høyre gladhistoriene til Sonja og Iben

Anniken Hauglie (H) var full av lovord om arbeidet som vert gjort gjennom NAV og Gamleskulen i Årdal.

Øvre Årdal: Torsdag besøkte arbeids- og sosialministeren Indre Sogn. I tillegg til Årdal var ho innom både Lærdal og Sogndal. I industrikommunen møtte ho to unge personar som begge var ute av arbeidslivet, men fekk ein ny start. No er begge på rett kjøl i ein alder av 21 år.

Sonja Kristine Strupstad og Iben Storli Øvstetun hamna begge utanfor arbeidslivet i ung alder av ulike grunnar, men vart raskt fanga opp. 

– Etter vidaregåande skule søkte eg og fekk avslag på lærlingplass. Eg var ikkje den best likte i bygda. Men eg ønskte ikkje å sitja heime i sofaen og fekk beskjed frå NAV om å bli med i Gamleskulen. Her var eg eit år før eg byrja på arbeidstrening før eg fekk fast lærlingplass, smiler Øvstetun.

– Eg vaks mykje på det året her. Eg lærte meg å ta ansvar og å vera meir sosial. Det hjelpte veldig. Då arbeidsgivar såg det, fekk eg tilbod.

FAGPRØVE: Strupstad fekk læreplass, men mista den. No er ho på god veg mot å ta fagbrevet.
FAGPRØVE: Strupstad fekk læreplass, men mista den. No er ho på god veg mot å ta fagbrevet. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Suksesshistorier

For Strupstad var situasjonen litt annleis. Ho fekk læreplass etter enda skulegang, men så skjedde ting som gjorde at kontrakten vart avslutta.

– Eg gjekk nokre månader utan at eg visste kva som kom til å skje og var langt nede. Eg snakka med NAV og dei fekk meg ganske raskt ut i arbeidstrening på barneskulen. Der har eg vore i snart to år. Målet var å ta fagprøven, og den er eg snart ferdig med no.

Dette er historier som gler arbeids- og sosialministeren. Ho er full av ros til arbeidet som er gjort med å få folk ut att i arbeidslivet her i Årdal. 

Ros

Gamleskulen i Øvre Årdal har vore ei suksesshistorie sidan opninga i august 2014. På tre år har bruktbutikken sendt 16 personar ut att i arbeidslivet. Nokre vil kanskje aldri klare det, men dei har i det minste noko meiningsfullt å fylla dagane med.

ARBEID: Ministeren møtte mellom anna Ulf Olsen, ein av dei som har kome ut i ordinært arbeid etter ei tid på Gamleskulen.
ARBEID: Ministeren møtte mellom anna Ulf Olsen, ein av dei som har kome ut i ordinært arbeid etter ei tid på Gamleskulen. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Dette er kjempebra. Ein har sett over mange år at mange unge fell utanfor jobb og skule i årevis utan å få ordentleg tilbod. Risikoen for langvarige stønadsløp er stor viss dei ikkje vert fanga opp tidleg. Her har regjeringa iverksett tiltak som aktivitetsplikt, seier ho.

Aktivitetsplikt

Aktivitetsplikt handlar kort og greitt om at personar under 30 år som får sosialhjelp, må jobba for pengane. Det betyr at ein må opp om morgonen og ha ein aktivitet.

– Det er eit pålegg om at alle kommunar skal ha det. Det ein ser, er at ungdom opplever dette som positivt fordi dei har fått ein ny sjanse i livet, og så er det ein bieffekt at kommunen sparar pengar, seier Hauglie.

– At så flotte ungdommar som Sonja og Iben skulle ha vore passive stønadsmottakarar, er sløsing for samfunnet. Det viser at når ein tar tak i ungdommane tidleg nok, ser ein kva ressursar dei faktisk er og kan bidra med. 

Til toppen