Sigurd Reksnes, fylkesleiar og stortingskandidat for Senterpartiet Sogn og Fjordane
Sigurd Reksnes, fylkesleiar og stortingskandidat for Senterpartiet Sogn og Fjordane (Bilde: Senterpartiet)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Arbeidsplassar under press

I Sogn har vi eit sterkt administrasjonssenter på Leikanger. Her ligg noko av dei sterkaste fagmiljøa innan offentleg forvaltning i landet. Direktoratet for forvaltning og IKT med over 100 arbeidsplassar ligg midt i bygda. Enn så lenge ligg også regionkontora til både NAV, Statens Vegvesen og Skatteetaten her, i tillegg til NAV økonomisenter, og Skatteopplysninga. Dette gjer Leikanger til eit utstillingsvindauge for statlege arbeidsplassar i distrikta som er heilt unikt i Noreg.

Leikanger er og vertskap for Sogn og Fjordane fylkeskommune sin administrasjon som i dag har 150 tilsette.

Regionreforma set mange av desse arbeidsplassane under press. Ved Nav sitt regionkontor på Leikanger vert det 20 arbeidsplassar mindre når Nav i dei to fylka vert ei eining. Fylkesmannen sitt sete for dei to fylka skal vere på Leikanger, men det vert ikkje lova fleire arbeidsplassar til Leikanger av den grunn.

Vi ser at det ikkje berre er fylkeskommunen som må omorganisere som følgje av regionreforma. Også statlege etatar vil tilpasse seg eit nytt storfylke. Bergen vil få like mange innbyggjarar som heile resten av regionen til saman. Bergen vil på grunn av dette bli ein naturleg lokaliseringsplass for veldig mykje.

Senterpartiet seier ja til Sogn og Fjordane som eige fylke. Først og fremst fordi vi vil at makt og styring over vår eiga framtid skal ligg nær folk i fylket. Men og fordi vi ser at mykje står på spel. Ikkje minst viktige arbeidsplassar i Sogn og resten av fylket. Om Senterpartiet kjem i regjering etter valet vil vi oppheve samanslåinga med Hordaland. Sei ja til Sogn og Fjordane og røyst Senterpartiet 11 september.

Sigurd Reksnes
Fylkesleiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti

Til toppen