ULUKKE: Dette biletet er teke ved kaia til Hydro på Årdalstangen omlag to timar etter ulukka.
ULUKKE: Dette biletet er teke ved kaia til Hydro på Årdalstangen omlag to timar etter ulukka. (Bilde: Porten.no-tipsar)

Politiet: Den skadde er ein russisk mann i 40-åra

Ulukka skjedde på ein båt som låg til kai på Årdalstangen.

Årdal: Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.30 i dag. Dei opplyser klokka 10.42 at den skadde er på veg til Førde sentralsjukehus med brannskader.

Politiet er på veg til åstaden for å granske ulukka.

– Det vil bli oppretta kontakt med arbeidstilsynet, så vil politiet undersøke åstaden anten med eller utan dei, ta bilete, gjere eventuelle sporsøk og avhøyr av vitne. Så blir det oppretta sak, seier Trond Hatlenes ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø.

Han opplyser at politiet ikkje veit noko meir om årsaka til ulukka, eller kor alvorleg ho er.

Presseansvarleg Odd Steinar Natvik ved Hydro i Årdal stadfester at båten låg til kai hos dei, men at ingen av deira tilsette har vore involverte i ulukka.

Like før klokka tre melder politiet at den skadde er ein mann av russisk nasjonalitet i 40-åra.

 

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller på SMS til 907 03 711.

Til toppen