ULUKKE: Ein mann i 20-åra fekk klemskadar og ein broten skot då han fekk steinmassar over seg då han jobba i eit røyr på Veitastrond.
ULUKKE: Ein mann i 20-åra fekk klemskadar og ein broten skot då han fekk steinmassar over seg då han jobba i eit røyr på Veitastrond. (Foto: Illustrasjonsbilete)

Arbeidsulukke i Luster: Mann fekk steinmassar over seg då han jobba i røyr

Ein mann i 20-åra er frakta med luftambulanse til sjukehuset i Førde for behandling av klemskadar og ein broten fot.

Luster: Klokka 09:28 melde Helse Førde AMK om ei arbeidsulukke på Veitastrond i Luster kommune. Ein person var involvert. Ambulanse og luftambulanse rykka ut til staden.

Klokka 10.53 melde brannvesenet at ein person hadde pådratt seg klemskadar omlag 300 meter oppe i ulendt terreng. Ulukka skal ha skjedd ved ein kraftstasjon ved eit vatn på Veitastrond.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller tips@porten.no.

Ein 4-hjuling vart brukt for å komma fram til den skadde. Klokka 11.20 vart det meldt at pasienten, ein mann i 20-åra, var henta ned med klemskadar og ein broten fot.

Innsatsleiaren til politiet kan opplysa at den skadde har jobba inne i eit røyr, medan ein annan køyrde gravemaskin eit lite stykke ovanfor han. Nokre massar med stein losna i nærleiken av gravemaskina, og traff røret der kollegaen jobba.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga. Politiet veit ikkje kva firma desse var tilknytte, eller kva jobb som skulle utførast.

Den skadde er frakta med luftambulanse til sjukehuset i Førde for behandling.

Til toppen