ULUKKE: Ein person hamna i ei klemulukke i Sløvåg onsdag morgon.
ULUKKE: Ein person hamna i ei klemulukke i Sløvåg onsdag morgon. (Skjermbilde: Google Maps)

Arbeidsulukke i Sløvåg

To personar vart skadde i ei ulukke på eit transportband i Sløvåg i Gulen onsdag morgon.

Gulen: Naudetatane har rykt ut til ei arbeidsulykke i Sløvåg Gulen. 

Strilen melde om saka klokka ni onsdag. 

– Vi fekk melding klokka 08.45 om at ein person hadde hamna i klem med begge beina, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Bergen, Håkon Myking. 

Både lokalt brannvesen og luftambulansen vart sendt til staden. 

– Elles har eg lite informasjon fordi det er dårleg dekning på staden, seier Myking. 

Ifølgje regionlensmann i Nordhordland Kjell Idar Vangberg er luftambulansen på staden klokka 10.05. Politiet har ikkje komme fram enno. 

Personen skal ha komme i klem mellom to containerar, men skal vere frigjord av folk på staden. 

Vert etterforska

Personen som kom i klem skal veren frakta med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus opplyser Vangberg. 

Politiet er att på staden og gjer naudsynte åstadsundersøkingar og vil avhøyre aktuelle personar. 

Ulukka vil bli etterforska vidare. 

To personar involverte

Regionlensmann Vangberg opplyser onsdag ettermiddag at det var to personar involverte i ulukka, og ikkje éin slik det først vart rapportert. 

Ulukka skjedde heller ikkje ved to containerar, men på eit transportband på steinknuseriet. Ein stein skal ha kilt seg på bandet slik at det stoppa opp. I samband med at to personar var på bandet då dei skulle ordne dette, har ulukka skjedd, opplyser Vangberg. 

Den eine personen vart lettare skadd og vart sendt til legevakt, medan den andre fekk beina i klem og vart transportert til Haukeland sjukehus med luftambulanse. 



Til toppen