ULUKKE: Ved Nortura fabrikken i Sogndal har ein mannleg ansatt mista ein del av fingeren sin, fredag.
ULUKKE: Ved Nortura fabrikken i Sogndal har ein mannleg ansatt mista ein del av fingeren sin, fredag. (Foto: Nortura SA)

Arbeidsulukke på Nortura: –Mannleg ansatt har mista ein del av fingeren

Mannen er køyrt til legevakta i Sogndal for sjekk.

Sogndal: Ein mannleg ansatt har mista ein del av ein finger etter ei arbeidsulukke på Nortura fabrikken i Sogndal, fredag. 

Nortura melde frå til politiet klokka 11:19, og sidan har mannen blitt køyrt til legevakt i Sogndal, og politiet har oppretta sak. 

– Den ansatte er køyrt til legevakt i Sogndal for sjekk, seier Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt operasjonssentral.

Vest politidistrikt melde først om ulukka klokka 11:20 på sin twitterkonto, fredag. 

Til Porten.no hadde Tanita Wassås Kveinå, kommunikasjonsrådgjevar for Nortura,  dette å seie om saka: 

– Vi kan bekrefte at det har vært en ulykke hvor en person har fått skader i fingeren. Politi og arbeidstilsyn er rutinemessig varslet og personen er sendt til behandling.

– Vedkommende får tett oppfølging, og vi vil i slike tilfeller undersøke nærmere hva som har skjedd, seier Wassås Kveinå.

Nortura driv med matproduksjon frå dyrehald med produkt som kjøtt, egg og melk. Selskapet er eigd av 18 800 private gardar over heile landet, skriv dei på si nettside.

Til toppen