Arbeidsulykke på Hydro

Arbeidsulykke på Hydro

Fredag morgon fekk ein person hengande last over seg på Hydro i Øvre Årdal.

Øvre Årdal: Det melder politiet i Sogn og Fjordane. Arbeidsulykka skjedde like før 08.00.

– Det me får opplyst er at det er ei arbeidsulykke som har skjedd under lasting av eit køyretøy. Vedkommande har fått hengande last over seg, og det er snakk om nokre tonn utan at eg skal seia det sikkert, seier operasjonsleiar i politiet Espen Gulliksen til Porten.no.

Både politi og ambulanse er på staden. Det same er helikopter som skal ta med seg personen til Førde sentralsjukehus.

– No har det neppe landa mange tonn på heile kroppen, men sannsynlegvis er det eit brot i foten og skulder ut av ledd. Og så klagar han over smerter i bryst og rygg, men personen er medviten.

Politi og arbeidstilsynet skal no etterforska kva som er årsaka til ulykka for å finna ut om tryggleiken er ivareteken.

 

Til toppen