Årdal: Eigar av Årdal Bilservice, Mjøsbil AS, har starta avviklinga av drifta av bilverkstaden.
Årsaka er at dei ikkje har fått inn ein einaste faglært søkar.
– Det er med tungt hjerte at me meddeler at me dessverre er i gang med avvikling av verkstaddrifta her på Årdalstangen, skriv Stina Onsum Berg, marknadsansvarleg i Mjøsbil AS i ei pressemelding til selskapet sine kundar.
Lufta interessa for verkstaden
Onsum Berg opplyser at Mjøsbil AS har forsøkt å lufta interessa for om nokon vil ta over verkstadrifta, men det har ikkje fått respons.
– Som ein konsekvens av dette er me i gang med å avvikla drifta og vil kun driva verkstaden fram til fredag 6. september.
Bensinstasjonen og vaskehallen vil framleis vera i drift etter 6. september.
Tok over i 2016
Det var i 2016 at Mjøsbil kjøpte opp konkursbuet etter S. Dahl Berge, og sikra vidare drift av verkstaden under namnet Årdal Bilservice.
I juli varsla selskapet at dei vurderte å selja verkstaden.
– Me ønskjer å presisera at det ikkje er sjølve eigedomen me vurderer å selja, eit eventuelt salg eller leige gjeld drift, inventar, løsøyre og rettar, sa Jens Petter Markestad då.
Eigedommen og bygningane er eigd av Berge Eigedom AS.