STRAMME UTSIKTER: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal må innsjå at kommunen vil få mindre inntekter å rutta med dei komande åra. Akkurat kor mykje dei vil tapa på fjerninga av maskinskatten fekk han ikkje svar på under budsjettdagen i Statens hus på Leikanger måndag.
STRAMME UTSIKTER: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal må innsjå at kommunen vil få mindre inntekter å rutta med dei komande åra. Akkurat kor mykje dei vil tapa på fjerninga av maskinskatten fekk han ikkje svar på under budsjettdagen i Statens hus på Leikanger måndag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Årdal blir halden på pinebenken – får svar om maskinskatten først neste år

Tjue millionar i årlege inntekter står på spel for Årdal. Etter framlegginga av statsbudsjettet veit ordføraren enno ikkje kor mykje dei vil få i kompensasjon for at dei mistar maskinskatten.

Årdal: Me fekk ikkje svar på det me er mest opptekne av, seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.

Måndag følgte han framlegginga av statsbudsjettet for neste år i Statens hus på Leikanger

Regjeringa har bestemt at maskinskatten skal fjernast gradvis over sju år frå og med 2019. Dette er ein skatt kommunane kan kreva frå verksemder for utstyr og maskiner dei har ståande på fabrikkane.

Etter kvart som skatten blir fasa ut, er kommunane lova tilsvarande i kompensasjon. Den samla potten i 2019 er på 71 millionar, medan den etter sju år er på maks 500 millionar.

Men ingen veit kor mykje kvar kommune vil få.

Svaret kjem først i sommar

Årdal kommune kan til dømes risikera å mista 20 millionar kroner i årlege inntekter, hovudsakleg frå Hydro. 

Då regjeringa måndag la fram forslag til neste års statsbudsjett var det dermed knytt stor spaning til kor stor kompensasjonen vil bli. Fasiten vil altså først koma til sommaren, i revidert nasjonalbudsjett for 2019.

Regjeringa vil nemleg venta til kommunane har retaksert anlegga som ikkje lenger skal betala maskinskatt. Kommunane må altså rekna ut kor mykje fabrikkane er verdt når «innmaten» ikkje lenger skal takast med i reknestykket.

Den nye taksten vil utgjera grunnlaget for eigedomsskatten frå og med 2019, og først då vil regjeringa vita kor mykje kvar kommune taper, og dermed skal ha i kompensasjon.

Trange tider i vente

Men det er ikkje det einaste uromomentet. Regjeringa har òg vedteke å senka maksimumsgrensa på eigedomsskatten på hus og hytter frå sju til fem promille frå 2020. For Årdal er det venta at det vil utgjera rundt 4 millionar i tapte inntekter.

Alt i alt teiknar det til å bli tronge tider i industrikommunen, som til liks med dei fleste andre i fylket, i tillegg slit med nedgang i folketalet og auke i talet eldre.

– Det blir nok vanskelegare å sy saman budsjett i åra som kjem, seier Lægreid.

Til toppen