Årdal Blueslag med forslag om nytt midtveketilbod

Årdal Blueslag med forslag om nytt midtveketilbod

Onsdag kveld spelte Årdal Blueslag eit par timar for gjestene på Utla Cafè i Øvre Årdal. - Det var mè som spurde eigar Erling Eggum om me kunne få spela. Tanken bak var at han kunne opna for at grupper kunne spela på cafèen til 1-2 gonger i månaden midt i veka, seier dei.

Årdal Blueslag lever i beste velgåande, og hovedkjerna består av Øyvind Aga på trommer, Ole Magnar Nundal bass og Odd Sigmund Høl på gitar og vokal.

16 ÅR: Frida Tryti Hunshammer tykkjer det er gjevt å få vera vokalisten til Årdal Blueslag av og til, slik som onsdag kveld.
16 ÅR: Frida Tryti Hunshammer tykkjer det er gjevt å få vera vokalisten til Årdal Blueslag av og til, slik som onsdag kveld.

Trur fleire band er interesserte i denne type oppelegg

Dei tre i blueslaget humrar at dei spelar for eit publikum minst to gonger i året,

ELSKAR Å SYNGJA: Songfuglen Ine Hillestad Aannevik takka gjerne ja då Årdal Blueslag spurde om ho ville syngja eit par låtar for dei på Utla.
ELSKAR Å SYNGJA: Songfuglen Ine Hillestad Aannevik takka gjerne ja då Årdal Blueslag spurde om ho ville syngja eit par låtar for dei på Utla.

men er opne for fleire oppdrag. Dei tre er såpass erfarne, at dei tek ei utfordring på strak arm.

Denne oppfatninga trur dei fleire andre grupper i bygda sit med, nemleg at dei ønskjer å spela meir framøre eit publikum.

Kanskje onsdag kveldar?

- Difor føresler me at til dømes Utla Cafè opnar for at kanskje onsdag kveldane kan bli ein slags "Musikk-Cafè", der vaksne folk kan sitja og lytta i ro mak, og samstundes få høve til å kjøpa drikke og mat i baren, seier Øyvind, Ole Magnar og Odd Sigmund.

Dei er temmeleg sikre på at årdølene saknar eit slikt tilbod, der det ikkje er snakk om ein heidrundrane fest med "kne og albogar og tenna i tapeten".

ALLTID POPULÆRT MED BAR: Onsdag kunne ein kjøpa ulike drikkevarer med og utan alkohol, samt enkle matvarer som toast.
ALLTID POPULÆRT MED BAR: Onsdag kunne ein kjøpa ulike drikkevarer med og utan alkohol, samt enkle matvarer som toast.

Ikkje til langt på kveld midt i veka?

- Å spela mellom 21.00-23.00 kan til dømes vera greit, mange skal på jobb dagen etter. Baren kan ha ope lenger om ønskjeleg, tenkjer dei tre karane.

Onsdag kveld var Bjørn Tore Årøy frå Sogndal med og spelte keyboard. Frida Tryti Hunshammer og Ine Hillestad Aannevik var med som gjestevoklaistar.

Det vart spelt alt frå blues, jazz, viser og pop, ikkje noko å trekkja ned på musikalsk, tvert om, og stemninga var lun og triveleg.

Bør bli betre informasjon

Skal ein seie noko negativt om arrangementet, var det at det denne gongen var for dårleg marknadsført. Folk bør få veta når dørene opnar, når bandet skal spela, og når baren stengjer for mat og drikke ein slik kveld. Dette skapte litt forvirring, med håp om at det vart likare neste arrangement.

Til toppen