HAR TRUA: Aleksander Øren Heen (Sp) liker det nye slagordet, og håper emneknaggen finn vegen til kommunevåpenet.
HAR TRUA: Aleksander Øren Heen (Sp) liker det nye slagordet, og håper emneknaggen finn vegen til kommunevåpenet. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Årdal byter slagord, satsar på emneknagg: – Først i landet

Politikarane meiner Årdal er #meirenndutrur.

Årdal: – Der er me vel kanskje først i landet, seier Heen.

Som ein del av den nye kommuneplanen vedtok Årdal i dag å innføra eit nytt slagord. Det gamle var Årdal kommune – ein god kommune å bu, leva og arbeida i. Arvtakeren er emneknaggen #meirenndutrur. 

– Me ønskjer å framheva at Årdal er meir enn det mange trur og forbinder oss med, seier Øren Heen.

I dag assosierer nok dei fleste Årdal med industri fabrikkar. At Årdal i tillegg «er eit tettbygd moderne samfunn omringa av spektakulær natur», er kvalitetane som no blir framheva i kommuneplanen.

– Eg tykkjer at det er tøft at me har blitt einige om dette, sa Heen då saka var oppe i kommunestyret torsdag.

Grundig prosess

Heen kan ikkje på ståande fot seia akkurat kven som kom på slagordet, men seier kommuneplanen har blitt jobba fram av eit politisk utval, og at planen har vore på høyring.

Det nye slagordet vekte ikkje debatt i kommunestyret torsdag, men Heen har fått med seg at ikkje alle er like imponerte. Ei innvendig er at slagordet er negativt lada, sidan det legg opp til at folk i utgangspunktet ikkje har høge tankar om Årdal.

– Det er noko eg veit vart drøfta, seier Heen.

Forventar delte meiningar

Han håpar at slagordet skal gjera folk utanfrå nyfikne, medan årdølene vert meir medvitne på kvalitetane dei har å by på.

– At det provoserer, eller er delte meiningar, det tenkjer eg óg har verdi, seier Heen.

Heen føreslo på møtet at kommunevåpenet blir oppdatert med emneknaggen.

– Det synst eg hadde vorte stilig. Om me hadde fått det på rådhuset, så hadde blitt eit bra blikkfang, seier Heen.

Til toppen