PRISVINNARAR: Karoline Låksrud (f.h.), Thea Øren og Sofie Øren med provet på at dei med sitt Årdal Danseverkstad er vinnarar av Slingsbyprisen 2017. Karoline Molland og Sofie Veum Forthun er også med i Årdal Danseverkstad, men fekk ikkje vera til stades under prisutdelinga på Vetti Gard. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PRISVINNARAR: Karoline Låksrud (f.h.), Thea Øren og Sofie Øren med provet på at dei med sitt Årdal Danseverkstad er vinnarar av Slingsbyprisen 2017. Karoline Molland og Sofie Veum Forthun er også med i Årdal Danseverkstad, men fekk ikkje vera til stades under prisutdelinga på Vetti Gard. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Årdal Danseverkstad vart tildelt Slingsbyprisen

– Eg er imponert og litt overraska. At me skulle vinna ein pris hadde eg eigentleg aldri trudd, seier Karoline Låksrud.

Årdal: Under jubileumsmarkeringa for at Folkevegen frå Hjelle til Vetti gard er 40 år vart Slingsbyprisen delt ut, og den gjekk til jentene i Årdal Danseverkstad.

– Me fekk veta det no når me var i Italia. Så me vart veldig stolte då me fekk vita der nede at me hadde fått prisen, seier Sofie Øren.

Slingsbyprisen har namnet sitt etter William Cecil Slingsby, som var førstemann på Store Skagastølstind i 1876. Prisen kan gå til ein eller fleire personar, ein organisasjon eller eit lag, og har ein verdi på 3000 kroner. Mottakarane skal vera 21 år eller yngre og vera busett i Årdal. Det er Slingsbystiftinga som deler ut prisen.

– Har berre jobba hardt og gjort ein innsats for alle

«Prisen sitt føremål er stimulera til kunnskap og interesse for norsk natur, fjellvandring og gode mellommenneskelege relasjonar. Aktuelle kandidatar kan ha utmerka seg innan eitt eller fleire av desse områda gjennom aktiv handling, i skriftleg materiale, fotografi, film eller andre kunstnarlege innslag», står det om vilkåra for kven som kan få prisen.

Dei fem jentene i Årdal Dansverkstad sitt hovudvirke er å undervisa born i dans, med andre ord har jentene definitivt utmerka seg med aktiv handling innan kunstneriske innslag.

Les også: Dansar utan grenser

– Me har berre jobba hardt og gjort ein innsats for alle, seier Låksrud om at dei fekk prisen.

– Me underviser dei gratis og gjer alt med danseverkstaden gratis. Og det kan vel kanskje vera ein grunn til at me får prisen, legg Øren til.

«Har planlagt, organisert og koreograftert alt sjølve»

Grunngjevinga frå juryen var som følgjer:

«Prisvinnarane i år er solid planta i kategorien aktivitet og mellommeneneskelege relasjonar. Dei starta på ei instruktørutdanning hausten 2015, gjennom eit opplæringsprogram i regi av Dans uten grenser. Denne utdanninga er basert på 12 helgesamlingar med ulike koreografar og dansarar og varar i eitt skuleår.

I januar 2016 starta dei opp Årdal Danseverkstad og hadde omlag 25 elevar. Hausten 2016 var dei ferdig utdanna og rekrutterte  80 elevar i alderen 6-13 år. Elevane er no fordelte på fem ulike dansegrupper, der alle instruktørane har hovudansvar for kvar si dansegruppe..

På denne korte tida har dei arrangert to store danseshow med alle elevane sine og fylt kulturhuset til randen med publikum. Dei har planlagt, organisert og koreografert alt sjølv.

Gratulera til Karoline Kvåle Låksrud, Karoline Molland Hjønnevåg, Thea Øren Hove, Sofie Veum Forthun og Sofie Øren.»

Til toppen