PILOTPROSJEKT: Årdal skal delta i eit pilotprosjekt der med utdanningsstillingar for legar i spesialisering i allmennmedisin. Det betyr at kommunen vil få endå ein ny fastlege. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
PILOTPROSJEKT: Årdal skal delta i eit pilotprosjekt der med utdanningsstillingar for legar i spesialisering i allmennmedisin. Det betyr at kommunen vil få endå ein ny fastlege. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal deltar i pilotprosjekt – kan få endå ein ny lege

Årdal kommune er éin av ni kommunar som skal delta i ALIS, eit pilotprosjekt med utdanningsstillingar for legar i spesialisering i allmennmedisin.

Årdal: Det var gjennom prosjektet «Recruit and retain» at kommunalsjef Rigmor Svanberg vart gjort merksam på dette nye prosjektet. Ho sendte søknad, og no er Årdal éin ni som får delta frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Også nabokommunen Lærdal er med. 

Rekrutteringa er utfordrande for kommunane. Det skuldast mellom anna eit generasjonsskifte. Der ein tidlegare hadde legar som nærast var tilgjengeleg 24 timar i døgnet, ønskjer nyutdanna legar meir normale arbeidstider. 

NY LEGE: Rigmor Svanberg er glad for at Årdal får delta i prosjektet som kan gi ei endå meir stabil fastlegeordning.
NY LEGE: Rigmor Svanberg er glad for at Årdal får delta i prosjektet som kan gi ei endå meir stabil fastlegeordning.

– Mange av dei unge som no vert legar, ønskjer å ha eit normalt familieliv. Dei  ønskjer ikkje å jobba meir enn dei ville gjort i ein annan jobb, men ha regulert arbeidstid. Dessutan vil dei ha avsett nok tid til pasientane sine, seier Svanberg.

– Og så kan ein spørre kvifor me treng fleire fastlegar, men folk brukar legane meir, og legane er involvert i mange prosessar, som til dømes med NAV ved oppfølging av sjukmelde og nye fråversreglar i skulen.

På toppen kjem mange offentlege helseoppgåver, forklarar Svanberg.

Kan få endå ein ny lege

Fastlegesituasjonen i Årdal har vore stabil dei siste tre åra, og nyleg vart det tilsett ein ny lege. Med deltakinga si i dette prosjektet kan kommunen no få endå ein lege tilsett i ei utdanningsstilling. 

Målet med prosjektet er at Årdal skal kunne sikre seg og behalde ein fastlege i minimum fem år. Det vil gi stabilitet og gjere kommunen mindre sårbar ved feriar og anna fråver.

– Det vil også redusere vikarbehovet vårt vesentleg. Å ha ein fastlege over tid er også viktig for den enkelte pasienten og folkehelsa, seier ho.

Tek ned ventetida ytterlegare

No skal kommunen ut på jakt etter endå ein fastlege etter at dei nyleg tilsette Henrik Hartman-Thim. Som Porten.no tidlegare har omtalt jobbar kommunen med å få ned ventetida for pasientane.

– Det vil bidra til å få ned ventetida ytterlegare. Det negative er at med endå ein ny lege vil pasientlistene igjen verte redusert og fleire vil få ny fastlege.

Pilotprosjektet er i regi av Bergen kommune. Deltaking medfører eit tilskot på 200.000 kroner per år i prosjektperioden. 50.000 skal årleg betalast til Bergen kommune til dekking av administrative kostnader. Resterande skal dekke ekstrakostnader knytt til utdanning, kursavgifter og liknande.

Det er vurdert at prosjektstillinga truleg vert sjølvfinansierande for kommunen sin del.

Til toppen