HÅPAR: Everksjef Jørgen Luggenes i Årdal Energi håpar partane snart blir einige om punktet i Energiavtalen som har ført til streik i Energiverka over snart fire veker. Arkivfoto
HÅPAR: Everksjef Jørgen Luggenes i Årdal Energi håpar partane snart blir einige om punktet i Energiavtalen som har ført til streik i Energiverka over snart fire veker. Arkivfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

Årdal Energi i streik frå måndag

Eventuelle straumbrot kan bli langvarige om ikkje partane kjem til semje om Energiavtalen 

– Det er snakk om tolv hjå oss gjeldande frå måndag. Konsekvensane kan bli store om det skjer feil med straumforsyninga. Då må me søkja spesielt om å få retta opp feilen, med mindre det er fare for liv og helse, seier Jørgen Luggenes, Everksjef i Årdal Energi.

Konflikten mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og fagforeiningane EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat har pågått i ein liten månad no. Brotet skuldast ueinigheit om reglement for kompensasjon for vakt utanom arbeidstid i Energiavtalen.

Håpar partane snart kjem til semje

Årdal Energi har totalt 18 tilsette inkludert tre lærlingar, og når tolv blir tekne ut i streik er det stort sett alt av fagpersonell. Luggenes håpar streiken snart er over.

Les også: Kan bli tekne ut i streik fredag

– Fredag har den vara i fire veker så eg håpar det ikkje vil vara så frykteleg mykje lenger no. Dei fleste som går på den avtalen det er usemje om er etter kvart tekne ut i streik.

Ein heldig faktor er at hauststormane har uteblitt så langt i oktober.

– Vêret vore fint med lite vind, og då blir det sjeldan feil på forsyninga. Men me ønskjer å ha folk i arbeid og få gjort det me skal; syta for ei sikker og god straumforsyning. Dei streikande er sentralt uttekne, så me får ikkje gjort mykje med det.

Fiberutbygginga kan bli forseinka

Ein meir uheldig konsekvens er viss fiberutbygginga Årdal Energi gjer for Årdalsnett på Sletterust blir seinka av streiken.

– Me jobbar for å bli klare før vinteren. Men alle som jobbar der oppe blir tekne ut i streik frå måndag dersom det ikkje kjem til semje før, og skulle det vidare bli langvarig også vidare kan det i verste fall føra til at me ikkje blir ferdige i haust.

Til toppen