BEST: Dagleg leiar ved Sogn opplæringskontor Anne Kauppi opplyser til Porten.no at Årdal er best i fylket på å ta inn lærlingar. Foto: Jonny Asperheim.
BEST: Dagleg leiar ved Sogn opplæringskontor Anne Kauppi opplyser til Porten.no at Årdal er best i fylket på å ta inn lærlingar. Foto: Jonny Asperheim.

Årdal er best i fylket på lærlingar

– Me leiar suverent over dei andre kommunane, seier Anne Kauppi.

  • Endret

Sogn Opplæringskontor er det kontoret som har starta flest kontraktar i Sogn, og den beste kommunen er Årdal, opplyser dagleg leiar Anne Kauppi.

– Me leiar suverent over dei andre kommunane i Sogn og Fjordane på å ta inn lærlingar, seier ho.

Det var skuleavisa ved Årdal vidaregåande skule Radleboki som først omtala saka.

– Tal på lærlingar og medlemsbedrifter har auka kvart år, og per dags dato har me 31 medlemsbedrifter og 97 aktive lærlingar, seier Kauppi til Porten.no.

– 14 av desse skal avlegga eller har avlagt fagprøve i laupet av hausten 2014. Den siste kontrakten går ut 12.12.2014. Samstundes har me per i dag teikna 42 nye lærekontraktar som er starta i laupet av sommaren og tidleg haust.

– Dette betyr at me kjem til å få over 80 aktive lærilingar i 2014/2015, held Kauppi fram. 

Av desse nystarta kontraktane er 38 i Årdal, to i Lærdal og to i Aurland.

Artikkelen held fram under biletet.

Starta lærekontraktar 2014 i fylket gjennom opplæringskontor.

Av plansjen ser kan ein lesa at Sogn Opplæringskontor er det kontoret som har starta flest kontraktar i Sogn. Berre Opplæringskontoret for byggfag har fleire, men dei dekkar heile fylket - til liks med dei andre opplæringskontora.

– Difor kan ein seia at Årdal er den desidert beste kommunen på tal lærlingar som starta per 02.09.2014, slår Kauppi fast. 

Tala er frå fagopplæringsavdelinga til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. 
I år har Sogn Opplæringskontor skaffa lærlingplassar til 13 ungdommar i kjemiprosessfaget. Nokre av desse er lærlingar frå mellom anna Hordaland og Telemark.

 

Til toppen