TRAFIKKSIKKER KOMMUNE: Årdal kommune er den første i Sogn og Fjordane som vert godkjent som trafikksikker kommune. Onsdag delte Trygg Trafikk ut det synlege beviset. På biletet er Kirsti Eklund, Jan Kåre Stedje, Per Kristian Pedersen, Audun Heggestad og Arild Ingar Lægreid. Foto: Bjørn Indrebø. 
TRAFIKKSIKKER KOMMUNE: Årdal kommune er den første i Sogn og Fjordane som vert godkjent som trafikksikker kommune. Onsdag delte Trygg Trafikk ut det synlege beviset. På biletet er Kirsti Eklund, Jan Kåre Stedje, Per Kristian Pedersen, Audun Heggestad og Arild Ingar Lægreid. Foto: Bjørn Indrebø. 

Årdal er den første trafikksikre kommunen i fylket

Godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik.
 

Årdal: Onsdag mottok ordføraren og fleire av dei tilsette i kommunen det synlege beviset på at Årdal no er ein trafikksikker kommune – den 43. i landet og den første i Sogn og Fjordane.

– Dette er eit kvalitetsstempel for kommunen som organisasjon, seier Audun Heggestad, som er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Som vegeigar, barnehage- og skuleeigar, arbeidsgivar, kjøpar av transportteneste og ansvarleg for innbyggjarane si helse og trivsel, har kommunen eit stort ansvar for å førebyggje ulykker. 

Fysiske tiltak får fokuset

Der mange kanskje tenkjer at trafikktryggleik handlar om fysiske tiltak ute på vegane, er det gjerne heilt andre ting som sparar mange menneskeliv.

– Sett på spissen har helsesøstrene i kommunane berga fleire liv enn teknisk etat. Med si bevisstggjering kring sikring av barn i bil til dømes, har dei sørga for at haldningane blant foreldre er annleis no enn for 30–40 år sidan, held Heggestad fram.

– Men jobben dei gjer har aldri stått i ein trafikktryggleiksplan. Likevel har me spart mange liv på grunn av dei, men det er dei fysiske tiltaka som kostar millionar som får fokuset.

Godt grunnlag gjennom Årdal Tenk Tryggleik

I arbeidet med å skape trafikksikre kommunar har Trygg Trafikk gått inn og sett på sektorane i kommunane, sett på kva lover og forskrifter seier og laga kriterium. Fylkeskommunane er også med i den jobben. For Årdal sin del, som allereie har eit stort fokus på dette arbeidet gjennom Årdal Tenk Tryggleik, var mykje allereie på plass.

– Årdal Tenk Tryggleik følgjer innbyggjarane frå null til 100 år der me har fokus på tryggleik. For oss handla det om å lage eit betre system slik at me ikkje berre konsentrerer oss om dei fysiske tiltaka, men også har dokumentasjon på alle nivå med skulane og barnehagane, seier leiar i Årdal Tenk Tryggleik, Bjørn Indrebø.

Godkjent for tre år

Heggestad meiner Årdal Tenk Tryggleik såleis er ein modell for andre på mange måtar. No er kommunen godkjend som trafikksikker kommune for dei komande tre åra.

– Etter tre år sjekkar me om systema vart laga for godkjenninga si skyld eller om dei tilsette no faktisk kjenner til reisepolicyen i kommuen og om dette er blitt ein del av HMS-arbeidet, fortel Heggestad. 

– Men det vil alltid vere noko å bli betre på – uansett, legg Indrebø til. 

Til toppen