GODT DRIV: Wenche Eldegard, som tek over jobben som fabrikksjef i Årdal, seier Årdal er i godt driv for tida og gler seg til å ta fatt på jobben med å ruste verket for framtida. Foto: Øyvind Breivik/Hydro.
GODT DRIV: Wenche Eldegard, som tek over jobben som fabrikksjef i Årdal, seier Årdal er i godt driv for tida og gler seg til å ta fatt på jobben med å ruste verket for framtida. Foto: Øyvind Breivik/Hydro. (Foto: Norsk Hydro)

– Årdal er i godt driv

Wenche Eldegard gler seg til å koma i gong med jobben som fabrikksjef i heimkommunen Årdal. 

Årdal: – Eg synest det er veldig spennande å få denne moglegheita. Dette er noko eg har tenkt på som ein framtidig plan. Det er eit spennande verk, som er større og har fleire tilsette, og som i tillegg har karbon. Eg gler meg.

Det seier Wenche Eldegard. Torsdag blei det klart at ho er tilsett som ny fabrikksjef i Årdal.

– Det blir kjekt å koma heim. Eg kjenner både organisasjonen og verket, sjølv om eg ikkje har jobba så mykje med dei dei seinare åra. Og så blir det eit pluss å sleppa pendling og flytta heim til familie og vener og leva eit normalt familieliv.

Tek over etter Fredriksen for andre gong

Dette er faktisk andre gongen ho tar over skuta etter Egil Fredriksen, som er fabrikksjef i dag. Då ho fekk tilsvarande jobb i Høyanger i januar 2012, var det nettopp Fredriksen ho tok over etter. Sidan juli 2013 har han hatt stillinga som fabrikksjef i Årdal.

– Han har gjort ein god innsats i Årdal desse to åra, og så er det slik at me har alle våre styrker. Eg kan koma inn med min bakgrunn og løfta verket vidare. Det betyr å halde fram med forbetringar, og så er jo me i ferd med å innføra ny støypeteknologi. Det er viktig å få sluttført det, noko eg kan bruka erfaringa mi frå Høyanger til.

Må tole svingingar

Eldegard seier Årdal er i godt driv for tida. Ei svak krone bidreg veldig på den fronten, og medan resten av Noreg opplever krise, er det gode tider for eksportindustrien.

– Me jobbar mot ein marknad der metallprisen vil svinga, og me må sørge for at verket er så robust at det toler det. Ein må bli endå meir effektiv og jobba meir med forbetringar. Dette er ein kontinuerleg prosess, der ein må finna nye måtar å jobba på. Det er masse potensiale, meiner ho.

– Utfordringane er at me må vera på eit kostnadsnivå som gjer at me toler desse svingingane. Me må heile tida levere overskot, uansett marknad og prisar. Utfordringane i Noreg er kostnadsbasen. Det ser ein i alle verksemder. 

Lokal fabrikksjef eit pluss

Med Eldegard ved roret er det igjen ein lokal fabrikksjef, noko som naturlegvis kan vere positivt når det gjeld å påverke. Det er ingen løyndom at årdølene ønskjer at Hydro skal satse meir i bygda. 

– Me må jo vera objektive når me sit i ei slik stilling. Det er ikkje berre eg som tek avgjerder, men eg trur at i det store biletet er det ikkje negativt å vera lokal. Det er mange fordelar, men òg utfordringar med å vera fabrikksjef i eigen kommune. 

– Me er innstilte på å driva det best mogleg og på kort sikt møta utfordringane knytt til pris sidan det er eit overskot i marknaden. Eg skal gjera ein best mogleg jobb uansett om eg er lokal eller ikkje, legg ho til.

– Oppgåva er å få verket til å gå best mogleg. Det ligg ein strategi som me skal følgja vidare, og me skal levera så gode resultat me kan, men samstundes skal me rusta det slik at me kan driva godt i mange år framover. Me må tenka kortsiktig, men også langsiktig. Me vil ha eit verk som er konkurransedyktig i mange år framover. 

Til toppen