STORE PLANAR: Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, seier dei har planar om å byggje eit teknologisenter i Øvre Årdal, som industrimiljøet i heile fylket  kan dra nytte av. Då kjem det godt med at deira samarbeidspartnar i dag vart utpeika som eitt av to såkalla katapultsenter i Norge.
STORE PLANAR: Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, seier dei har planar om å byggje eit teknologisenter i Øvre Årdal, som industrimiljøet i heile fylket kan dra nytte av. Då kjem det godt med at deira samarbeidspartnar i dag vart utpeika som eitt av to såkalla katapultsenter i Norge. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Årdal er inne i varmen hos regjeringa si nye storsatsing på innovasjon

Dei to første katapultsentra i Norge er pekte ut. Årdal Utvikling skal samarbeide tett med det eine av dei og har sjølve utbyggingsplanar.

Årdal: Regjeringa satsar 50 millionar på etableringa av såkalla katapultsenter. I dag vart dei to første plukka ut: SINTEF Raufoss Manufacturing og Elkem. Dei får i oppdrag å etablere nasjonale testsenter som nyskapande bedrifter frå heile landet kan nytte seg av.

TEKNOLOGISENTER: Her utanfor aluminiumsverket til Hydro i Øvre Årdal, i venstre kanten av biletet, er det mest aktuelle området for det nye teknologisenteret.
TEKNOLOGISENTER: Her utanfor aluminiumsverket til Hydro i Øvre Årdal, i venstre kanten av biletet, er det mest aktuelle området for det nye teknologisenteret. Foto: Synne Asheim Haga

Årdal Utvikling har som eitt av berre fem næringsselskap i landet teikna samarbeidsavtale med det framtidige katapultsenteret på Raufoss.

– Det betyr at me vil få ein veldig styrke i den teknologisatsinga me har tenkt å setta i gang, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

Vil byggje testhall

Han seier dei allereie jobbar med eit stort prosjekt: å få etablert eit lokalt teknologisenter i Årdal, spesialisert på prosessindustrien i kommunen, som aluminiumsprodusenten Hydro og solcelleprodusenten Norsun er eksempel på.

Planen er å byggje ein hall for testproduksjon og den mest aktuelle plasseringa er rett utanfor industriområdet i Øvre Årdal.

– Me satsar på eit tett samarbeid med teknologimiljøet inne på Hydro og håpar at eit slikt senter vil føre til knoppskyting av mange nye spennande teknologibedrifter. Og at dei vi allereie har utviklar seg og tek i bruk ny teknologi, seier Laberg.

SPENNANDE: Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane tykkjer det som skjer i Årdal er spennande.
SPENNANDE: Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane tykkjer det som skjer i Årdal er spennande. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Kan gje eit kjempeløft

Han trur eit slikt senter kan bli nyttig for industrimiljøet i heile fylket.

Dei har allereie sondert rundt eit mogleg samarbeid med både Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

– Når ei såpass stort og tungt miljø som Raufoss inkluderer Årdal Utvikling i planane sine, så er det ikkje noko som kan gle oss meir enn det. At Årdal igjen søker samarbeid med oss gjer at vi kan prøve å få synergiar i heile fylket. Dette trur eg kan gje eit kjempeløft, seier Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken.

 

 

Til toppen