ANNLEIS: Torill Olsson meiner Årdal skil seg frå typiske turistmål og trur det vil vere riktig å satse på det kontrastfylte mellom natur og industri for å lykkast i reiselivet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ANNLEIS: Torill Olsson meiner Årdal skil seg frå typiske turistmål og trur det vil vere riktig å satse på det kontrastfylte mellom natur og industri for å lykkast i reiselivet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Årdal er veldig annleis enn typiske reisemål

Torill Olsson meiner Årdal burde satsa på kontrastane i kommunen. 

Årdal: I regi av Årdal Utvikling er kommunen godt i gang med arbeidet med å gjere reiseliv om til ei viktig næring for bygda i framtida. 

Med hjelp frå Olsson, som jobbar som rådgivar innanfor reiselivet for selskapet Mimir, har sidan i vinter sett nærare på kva Årdal kan satse på. Torsdag førre veke var det statusmøte på Klingenberg Hotell, der fleire aktørar for reiselivet, også handelsstanden, var samla. 

Her la ho fram tal der ho samanlikna Årdal med Lærdal og Aurland, og som også sa noko om reiselivet i Noreg og Sogn og Fjordane. 

– Årdal ligg i Noregs største reiselivsregion med kjerna i det norske reiselivet som er Fjord-Noreg. Årdal er strategisk plassert og veldig annleis stad enn mange typiske reisemål. Det er ei moglegheit ein kan gripe tak i. Dei internasjonale gjestene sine forventningar er gjerne knytt til det grøne, men Årdal har noko annleis og kan ta ein annan posisjon enn Lærdal, sa ho.

Aurland og Lærdal har til saman 215 000 gjestedøgn, medan Årdal ligg på nett i underkant av 15 000. Og medan det er meir internasjonal turisme i nabokommunane, er 60 prosent av trafikken yrkestrafikk i Årdal. 

– Det er ein bonus, for då er det trafikk her om vinteren også, la Olsson til. 

Trafikkskapande reiseliv

På samlinga la ho fram tre hovudstrategiar, som handla om å utvikle opplevingar som gir folk ei årsak til å reise til Årdal, at ein har infrastruktur som gir gode opplevingar, og at organiseringa mellom det offentlege og private fungerer godt.

– Ein må gå frå å ha eit trafikknytande reiseliv til eit trafikkskapande reiseliv. Det som er viktig då er å tenkja ut frå kunden sitt hovud. Det folk i bygda synest er fint, er ikkje nok. Det kan henda at dei som kjem på besøk likar det dei også, men det må vere trafikkskapande. Det kan vere ein brutal prosess, fortalte Olsson. 

– Ein må også fjerne irritasjonsmoment. Det kan vere at folk ikkje finn fram, at bygdefolket ikkje er imøtekomande, eller at det ligg bos overalt. 

Kontrastar mellom natur og industri

At Årdal har potensiale, er ho ikkje i tvil om, og for å lykkast kan det løna seg å byggja eit konsept som spelar på kontrastane mellom natur og industri.

– Det er mange kontrastfylte element ein kan bygge inn i eit konsept. Her har ein industriell kompetanse som er lurt å ha. Ein må tenkje økonomi og lønsemd, og deretter bruke desse erfaringane til å gjera ting smartare, men på reiselivets premiss. 

Dei folkevalde er positive

Frå det politiske miljøet kom det klare signal om at reiselivet var noko dei også ville følgja opp politisk. 

– Me har ein unik sjanse til å starta no. Det er viktig med denne satsinga, og me må byggja opp under folk som verkeleg vil. Me må finna eit prosjekt som me har tru på, og som også kan byggja saman samfunna. Dette har eg veldig tru på, sa Erling Offerdal (Sp).

– Det skal ikkje vera tvil om at det er stor politisk semje i kommunestyret om at me skal satsa på reiseliv i åra som kjem. Det blir fullt trykk. Dette er noko innbyggjarane ønskjer, og eg meiner årsaka til det er at me ønskjer å ha fleire føter å stå på, og det trur eg me skal få til gjennom reiselivet, la Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) til. 

– Inspirerande møte

Ein som verkeleg ønskjer å satsa innanfor reiselivet er Kristoffer Nystedt. For to år sidan kjøpte han Utladalen Camping og har steg for steg skapt seg eit godt produkt i Utladalen. 

– Det er bra at ein kan møtast i slike forum. Det er veldig inspirerande med slike møter. Samstundes er det bra at alle kan sjå insentiva når det gjeld økosystemet. Dette kan skape eit løft for fleire, og det må også kommunen sjå. Alt må ikkje vera gratis.

– Det er snart to år sidan eg kom hit, og det har vore ei triveleg reise, men det må heile tida utviklast, ikkje berre hjå meg. Det er veldig fint med slike møte, elles blir ein fort sitjande på eiga tue. Samhandling er viktig, sa han. 

Neste steg i denne prosessen er å konkretisere den overordna strategien og finne fram til prosjekt som ein kan satse på. 

Til toppen