SLIK SER HYTTENE UT NÅR DEI NÆRMAR SEG FERDIGBYGDE: Når skip har frakta hyttene ut til kaier innetter i Sognefjorden, kjem helikopter for å frakta dei vidare ut i skog og villmark. Men somme hytter, som den i Luster, skal stå ved sjøen, ikkje langt frå Marifjøra.
SLIK SER HYTTENE UT NÅR DEI NÆRMAR SEG FERDIGBYGDE: Når skip har frakta hyttene ut til kaier innetter i Sognefjorden, kjem helikopter for å frakta dei vidare ut i skog og villmark. Men somme hytter, som den i Luster, skal stå ved sjøen, ikkje langt frå Marifjøra. (Bilde: Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Årdal skaffar seg dagsturhytte til våren og gålaget har alt vore på synfaring

Sogndal, Leikanger, Luster, Aurland og Lærdal skal også få kvar si dagsturhytte.

Årdal: – So snart som råd før kulden kjem, skal me i gålaget skrapa av litt mose og jord der som hytta skal stå, seier Gunvor Nordås, grunnleggjaren av Gålaget i Årdal. 

Kvar einskilde kommune i Sogn og Fjordane er i ferd med å skaffa seg ei «Dagsturhytte». Kommunane vil stå som eigarar av hyttene og halda oppsyn med dei, men vil setja sin lit til at folk sjølve bidreg til å halda orden. 

Men i Årdal har Gålaget teke på seg ansvar for å halda tilsyn med hytta. Det fortel leiaren der, Gunvor Nordås. Laget har alt vore på synfaring på Moakamben og sett kvar hytta skal stå. Med på synfaringa var også Harald Yndestad og Bjarne Aalen frå Gålaget, folk frå kommunen og grunneigar Nils Eirik Moen. Han er veldig positiv til at hytta kjem på plass på Moakamben, fortel Nordås.

Gålaget ynskjer å leggja til rette for at dagsturen til den nye hytta skal verta litt meir farbar enn den er no.

– Me må gjera litt med stien opp til Moakamben. Det er èin sti som går på sida inn mot dalen og so èin som går gjennom ei ur og oppetter. Me må fiksa litt på den ura, seier Nordås.

Gålaget ynskjer å få sett opp nokre tau eller kjettingar eller eitkvart til å halda seg i, for det kan vera glatt om vinteren. Sjølv går Nordås med piggsko når ho tek seg oppetter dei traktene. 

Hyttene vert frakta til Sogn med skip frå Masfjorden

Eit skip som har plass til seks hytter skal taka mange turar og frakta hyttene frå ei kai i Masfjorden og bringa dei innetter fjordane i fylket. So vert det frakt med helikopter frå næraste kai og til den staden der dei ulike hyttene skal stå, fortel Atle Skrede i fylkeskommunen, initiativtakaren bak heile dette hytteprosjektet, som alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane har omfamna. 

Før det gamle trivselsfylket går or kartet og før mange av dagens kommunar likeins går inn i større einingar, får kvar av dei noverande kommunane i fylket montert kvar si hytte. Leikanger, Sogndal og Balestrand monterer soleis opp kvar si hytte og ikkje èi på deling. 

Alle hyttene, som er på 15 kvadratmeter innvendig, er bygde etter same modellen. Dei er teikna av eit arkitektkontor i Trondheim og bygde opp hjå ei byggjeverksemd i Masfjorden. 

Den fyrste hytta vert opna med pomp og prakt i Gloppen, deretter kjem Luster snøgt på banen

Den aller fyrste hytta skal verta opna den 8. desember i Trivselsskogen høgt ovanfor Sandane. Det vert lagt opp til folkefest der. Både fylkesordføraren og gloppenordføraren stiller opp og det vert eit fyldig program.

– Ein av Noregs mest kjende artistar kjem og underheld og det vert litteraturformidling med meir i samband med opninga, seier Atle Skrede i fylkeskommunen, initiativtakaren bak heile hytteprosjektet. 

Hytta i Luster er ei av berre fire andre hytter som kjem på plass alt i år. Ho vert montert den fyrste desember og reist på Ytre Eikum, ikkje langt ifrå Marifjøra. Offisielt vil ho ikkje verta opna før kring påsketider til neste år, men folk har lov til å taka henne i bruk so snart ho er ferdig montert, fortel Skrede. 

Hytta i Sogndal kommune skal stå på Stedjeåsen. Førebels er det ikkje klart kvar hyttene i Leikanger, Aurland og Lærdal skal stå.

Eit nynorsk kulturbibliotek i kvar hytte.

Hyttene kjem til å vere opne heile døgeret, heile året gjennom. At hyttene vert haldne ryddige og i fin stand vil vere eit felles ansvar, på same vis som med naturen ikring oss, seier Skrede frå fylkeskommunen.

Med hyttene vonar fylkeskommunen å stimulera til fysisk aktivitet ved å lokka folk ut på tur. 

Fylkeskommunen oppgev vidare at hyttene kan vera ein stad å ete nista si, byta klede og få litt varme i seg. 

Samstundes skal alle hyttene ha eit nynorsk turbibliotek, som vonleg skal føra til auka leselyst og fremjing av nynorske bøker. Det nynorske skriftspråket er ein viktig identitetsfaktor for innbyggjarane i fylket, og det er fylkeskommunen som saman med fylkesbiblioteket har teke initiativ til at alle hyttene skal få eit slikt bibliotek.

– Ved å flytta bøkene ut til folk, treffer vi publikum på nye arenaer. Om vi når ut til nokre av dei som kanskje ikkje er vande med å lesa so mykje med borna sine i ein hektisk kvardag, so er det ekstra flott, seier Siv-Merethe Hatlem i Fylkesbiblioteket.

Det er fylkesbiblioteket som står bak dei nynorske turbiblioteka. Nasjonalbiblioteket har løyvd 400 000 kr til prosjektet i år og Fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum neste år. Målet er både å skapa aktivitet og å stimulera til bruk av hyttene og turbiblioteka.

Initiativ og finansiering

Prosjektet såg dagens lys i 2016, då Sparebankstiftinga og fylkeskommunen lanserte ideen for kommunane og fekk overveldande positiv respons, ifylgje det fylkeskommunen skriv på heimesida si. 

– Både kommunane og andre har jobba raskt og godt med finansiering, avtalar med grunneigarar, formelle søknadar og alt anna. No blir det spanande å sjå hyttene ute i terrenget og ikkje minst kva mottaking dei får, seier Atle Skrede i pressemeldinga frå fylkeskommunen. Han har hatt ansvaret med å samordna prosjektet.

Utlogene kvar kommune har hatt med hyttene er på mellom 600 000 og 850 000 kroner, avhengig av kor mykje arbeid det har vore med å leggja til rette tomter for byggjinga av hytta, og om ein har montert solcellepanel eller bygd opp sanitæranlegg i tillegg.  

Kommunane har derimot sloppe å stå for finansieringa sjølve. Sparebanken Sogn og Fjordane og Norsk Tipping har dekt mest alle kostnadene. I tillegg fekk kommunane innvilga momsfritak i samband med innkjøpet av hyttene. 

– Dette er ei flott merkevarebygging for Sogn og Fjordane, som blir det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål i kvar kommune, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga. 

Til toppen