EKSTRAORDINÆR: I Sogn og Fjordane får kommunane Flora, Høyanger, Sogndal, Årdal, Jølster og Førde til saman 2,6 millionar kroner fordi dei har hatt ekstraordinære utgifter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
EKSTRAORDINÆR: I Sogn og Fjordane får kommunane Flora, Høyanger, Sogndal, Årdal, Jølster og Førde til saman 2,6 millionar kroner fordi dei har hatt ekstraordinære utgifter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal får flyktninghjelp

Totalt 145 kommunar som har hatt særleg høge utgifter i samband med mottak av asylsøkarar i haust, får no til saman 151 millionar kroner i ekstrahjelp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Årdal: Sjølv om staten står for drifta av asylmottak, må kommunane stille opp med kommunale tenester som skule, barnevern og helsetenester.

– Flyktningsituasjonen har gitt kommunane høgare kostnader enn normalt. For å hjelpe kommunane å tilby tenestene eit asylmottak krev, og samstundes ta vare på den ordinære velferda til innbyggjarane, løyver departementet til saman 151 millionar kroner, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

Departementet har mellom anna fått hjelp av fylkesmannskontora til å identifisere kommunar som har tatt imot mange asylsøkarar på kort tid.

I Sogn og Fjordane får kommunane Flora, Høyanger, Sogndal, Årdal, Jølster og Førde til saman 2,6 millionar kroner fordi dei har hatt ekstraordinære utgifter.(©NPK)

Til toppen