Årdal: – Vi vil sette det opp så fort som mogleg etter at vi har fått svar, seier everksjef Jørgen Luggenes i Årdal Energi.
Enova er eit statleg føretak som gir pengar til prosjekt som tek i bruk klimavennleg teknologi. Til dei to ladestasjonane kan Årdal Energi få drahjelp tilsvarande opp til ti prosent av den totale kostnaden. Svaret er forventa å vere rett rundt hjørnet.

– Det blir opp til styret å bestemme om vi kan gå vidare utan støtte, seier Luggenes.
Årdal er den nest største kommunen i Sogn, men har til no vore dei einaste saman med Balestrand utan eit slikt tilbod.
No får dei etter alt å dømme to ladestasjonar, med støtte for både hurtiglading og vanleg styrke.
– Det er på tide. Det er eit viktig tilbod til alle som har elbilar i kommunen og til dei som er på gjennomreise, seier Luggenes.