IMG_8748
IMG_8748 (Bilde: Ole Ramshus Sælthun )

Årdal feide Høyang av bana i industrioppgjeret

Årdølene med sesongens største siger.

Høyang – Årdal 0-8

Høyanger: Omlegginga av divisjonssystemet i fotball har ført til at Årdal igjen møter gamle kjenningar i 4. divisjon i staden for å reisa land og strand til Austlandet, Bergen eller Sunnmøre.

Det byr på spennande oppgjer, som fredagens møte mellom dei to industristadene Høyanger og Årdal. Der var det ingen tvil om kven som er best på fotballbana.

Årdølene mata på og gav seg ikkje før det stod 8-0 på måltavla.

Berre minuttet var spelt då Truls Hovland gav årdølene leiinga. Same mann la på til 2-0, og trur du ikkje Hovland sikra seg eit hat trick før 37 minutt var spelt.

Til pause stod det 4-0. Like før kvilen auka Christian Stedje leiinga då han blei spelt gjennom med keeper og gjorde jobben.

Seks minutt måtte publikum vente ut i 2. omgang før det var feiring på stadion att. Nok ein gong var det årdølene som jubla, og denne gongen var det Terje Kvam Øvstetun som fann nettmaskene. Nokre minutt seinare sette han sitt andre for dagen før det var Hovland sin tur att.

Det heile vart runda av på best mogleg vis då Stedje klinka ballen i krysset på eit frispark. 8-0 er ein fin opptur etter 0-5-tapet for Sogndal tidlegare denne veka. 

Årdal ligg no på ein 4. plass på tabellen, tre poeng føre Eid som har éin kamp til gode. Det same har laga over på tabellen i Florø 2, Stryn og Sogndal 2. Avstanden opp til førstnemnde er på to poeng.

Til toppen