Årdal fekk det tøft mot Kristiansund

Årdal fekk det tøft mot Kristiansund

Årdal kjempa hardt om poeng mot Kristiansund 2, men til slutt var det to mål som skilte laga.

Kristiansund BK 2 – Årdal FK 3-1

Sesongens første siger let venta på seg for Årdal, som i det minste kan trøsta seg med at dei no har unnagjort dei to lengste borteturane denne sesongen.

Slurv, sjølvmål og kontring imot var nok til at Kristiansund kunne sette ballen i mål tre gonger, medan Terje Kvam Øvstetun scora Årdals einaste.

Det betyr at sju kampar ut i sesongen, med 21 poeng å kjempe om, har dei heilraude berre tatt tre poeng, alle etter kampar som har enda uavgjort. 

Mot Kristiansund 2 laurdag starta det bra, men då årdølene klarte å rote det til for seg sjølv på eit innkast, utnytta heimelaget det med ein overgang som endar i at Ole Kristian Rødahl set inn 1-0.

Heimelaget hadde ballen mest, men Årdal kjempa godt og slapp ikkje Kristiansund til for mange sjansar, men gjestane sleit også med å skape sjansar dei også, så då laga gjekk til pause på stillinga 1-0, var det sannsynlegvis eit okay resultat.

I 2. omgang kunne det stått 1-1 då Christian Stedje traff tverrliggaren på eit frispark, men det var Kristiansund som skulle treffe mål. Eller rettare sagt, Årdal. Etter å ha blitt tildelt eit kontroversielt hjørnespark, der Årdal meinte ballen aldri var over streken, var Ørjan Skilbrei uheldig og stanga ballen i eige mål.

Fem minuttar seinare fann endeleg Årdal vegen til nettmaskene då Kvam Øvstetun avslutta med eit godt skot. Gjestane køyrte no opp det dei hadde av spelarar for å jakta det eine poenget. Det gav mykje rom bakover, Jonas Rønningen og Kristiansund utnytta. Fem minuttar på overtid fastsette han sluttresultatet til 3-1.

Til toppen