UTFORDRANDE: Olve Fossedal, rådmann i Årdal, tykkjer at kommunen står ovanfor ei utfordrande økonomikabal til trass for at dei fekk fem millionar i overskot etter andre tertial.
UTFORDRANDE: Olve Fossedal, rådmann i Årdal, tykkjer at kommunen står ovanfor ei utfordrande økonomikabal til trass for at dei fekk fem millionar i overskot etter andre tertial. (Foto: Arkiv)

Årdal fekk fem millionar i overskot, men rådmannen spår ein utfordrande økonomi

Bortfall av eigedomsskatt på verk og bruk, samt forslaget om reduksjon av eigedomsskatt på hus og hytter, utgjer ei stor utfordring for kommunen.

Årdal: Under kommunestyremøtet førre veke vart økonomirapporten for andre tertial presentert. Den synte at Årdal kommune hadde nesten fem millionar kroner i overskot. 

Men det vil ikkje seia at økonomien er friskmeldt. I 2017 vedtok regjeringa ei lovendring som gjer at kommunane mistar retten til å krevja eigedomsskatt på verk og bruk frå og med år 2020.

Dette skattekuttet åleina, som kommunen plar å krevja frå blant anna Hydro og NorSun, vil gje eit tap på omlag tjue millionar kroner årleg.

I tillegg har regjeringa føreslått at dei ønskjer å senka maksgrensa for privat eigedomsskatt på hus og hytter frå sju til fem promille i kommunane.

Ifølgje ei oversikt frå VG, tyder dette at Årdal kan tapa over fire millionar kroner attpåtil dei tjue.

– Me har snudd denne skuta til å flyta på eigen kjøl sidan Robek, det er jo positivt, men me har ikkje fått noko stor hjelp frå desse tiltaka. Det er klart det er ei belasting å skulle gå laus på dette ein gong til, seier Olve Fossedal, rådmann i Årdal kommune. 

Fossedal: – Må kutta i alle tenestene

Som rådmann er det Fossedal si oppgåve å presentera ein økonomiplan for kommunestyret. Planen vil bli offentleggjort 15.oktober, og i løpet av tre veker vil innbyggjarane få koma med innspel. Den 27. november skal han bli vedteken i kommunestyret.

Fossedal sler fast at det blir tøft for kommunen å finna ein måte å dekka inntektstapet på. 

– Dette går jo rett på drifta av kommunen. På sikt må me justera budsjettet med over tjue millionar kroner mindre enn me brukar i dag. Me må sjå på heile organisasjonen for å finna løysingar på kvar me skal ta desse kostnadsreduksjonane, seier han.

Kutta vil ifølgje rådmannen koma i alle tenestene som kommunen har ansvar for, som barnehagar, skular, omsorg og pleie, SFO, kulturskule, vaksenopplæring, samt teknisk sektor og organisasjon.

Fossedal tykkjer ikkje det er noko lett oppgåve.

– Det er klart at det er utfordrande når belastninga blir så stor med ein gong og me får så voldsomme endringsbehov. Dette slit me jo med sjølvsagt, å kunne leggja dette fram utan å rasera heile tilbodet. Me må ta dette litt langsamt, seier rådmannen.

– Kva kan folk venta seg i forhold til konkrete endringar? 

– Det er alt for tidleg å seia. Me må venta å sjå kva kommunestyret gjer med økonomiplanen, og så er det då sjølvsagt årsbudsjettarbeidet som startar opp i oktober månad som vil vera avgjerande for det første året, altså 2019. Noko meir vil eg ikkje seia om det, seier han. 

Årdal på veg opp

I 2012 vart Årdal meldt inn i Robek, registeret over kommunar som er i økonomisk ubalanse, etter at kommunen hadde eit samla driftsunderskot på 25 millionar kroner. Fire år seinare, i 2016, vart kommunen friskmeld. 

Sidan den gong har Årdal spart opp av i underkant av 20 millionar, eit sikkerheitsnett som kan brukast i tronge tider. Likevel vil rådmannen presisera at dette ikkje er berekraftig å lena seg på.

– Dette er pengar for tronge tider. Når dei tidene blir permanente, byrjar dette å bli kranglete, og fonda rekk ikkje langt. Me er nøydde å redusera drifta, seier han. 

Rådmannen meiner at Årdal kommune hadde hatt ein god økonomi, om det ikkje var for eigedomsskatten dei mister. 

– Me var på veg til å byggja oss opp, og me hadde god grunn til optimisme. Men når me får slike innspel som dette, er det klart at det blir ei betydeleg utfordring, seier han.

Til toppen