GODE ODDS: Etter at Kristiansund 2 tapte for Hødd 2 søndag, skal Årdal vera maks uheldige for å rykka ned frå 3. divisjon. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GODE ODDS: Etter at Kristiansund 2 tapte for Hødd 2 søndag, skal Årdal vera maks uheldige for å rykka ned frå 3. divisjon. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal fekk hjelp frå Hødd 2

Ivan Øy sa etter helgas kamp at Årdal må gjera det sjølv, men litt hjelp måtte dei likevel ha.

Årdal: Den hjelpa fekk dei søndag då Hødd 2 sendte Kristiansund 2 heim med tap. Det var akkurat det årdølene trengte etter nedturen mot Florø 2 laurdag.

Sidan Kristiansund 2 tapte, er utgangspunktet før Brattvåg-kampen det same for Årdal som før møtet med Florø 2. Det er at uavgjort er nok til å sikre plassen i 3. divisjon.

– Me må gjera jobben sjølve. No må me nullstilla oss og gjera jobben skikkeleg. Denne kampen må me legga bak oss så fort som mogleg, og så må me bretta opp ermene mot Brattvåg, sa Øy etter helgas tap.

Må vera maks uheldige

Klarar raudtrøyene å ta det eine poenget, må Kristiansund vinne sine to siste kampar med over 15-0 i målforskjell for å passera Årdal. 

Les også: Årdal tapte for eit forsterka Florø 2-lag

Det er lite sannsynleg at Kristiansund 2, som ikkje har vunne på dei fem siste kampane, skal klara det. Blir det siger på årdølene mot Brattvåg, er plassen bankers.

I dei to siste rundane vert alle kampane spelt på same tidspunkt, så det er ikkje mogleg å spele på resultat, men skulle både Årdal og Kristiansund 2 tape i helga, vil Årdal ha trygga plassen.

Supensjon

Det einaste scenarioet som kan sende årdølene ned i 4. divisjon, er dersom dei tapar sine to siste kampar og Kristiansund 2 og Florø 2 vinn begge sine. Dessutan må også Volda, som har 1 plussmål i målforskjellen mot Årdals 2 tapa sine kampar med større margin enn Årdal.

Til helga gjestar altså suverene seriemeisterar Brattvåg Jotun stadion, og det er ikkje godt å seia om dei kjem med sitt beste mannskap eller om dei let andre få sjansen. 

Årdal får iallfall ikkje stilt med sitt aller beste lag. Dei to engelskmennene Brett Jason Fellows og Joey Sinton er begge suspenderte til den kampen.

Slik ser tabellen ut to rundar før slutt

Plass Lag Målforskjell Poeng
7. Hødd 2 14 35
8. Bergsøy -1 33
9. Årdal 2 32
10. Volda 1 32
11.  Florø 2 3 28
12. Kristiansund2 -13 27

 

Til toppen