EITT POENG: Årdal fekk karra med seg eitt poeng mot Stryn. Det poenget kan visa seg å bli heilt avgjerande i siste serierunde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
EITT POENG: Årdal fekk karra med seg eitt poeng mot Stryn. Det poenget kan visa seg å bli heilt avgjerande i siste serierunde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal fekk med seg eitt poeng mot Stryn

Dermed er det duka for rein seriefinale mot Tornado Måløy neste helg.

Det er duka for ein rein seriefinale på Jotun krøllgras neste helg etter at Årdal spelte uavgjort og Tornado Måløy vann laurdag.

Årdal klarte ikkje å gjera jobben sjølv mot topplaget Stryn, men fekk med seg eitt poeng heim til industribygda då det endte mållaust.

– Ut frå slik kampen var, der Stryn la eit voldsomt trykk på oss mot slutten av kampen, så er eg nøgd. Eitt poeng er viktig i seg sjølv. Me har nokre sjansar som me med litt meir effektivitet kunne me ha drege dette i land, seier Årdal-trenar Ivan Øy til Porten.no.

Det kan visa seg å bli heilt avgjerande i siste serierunde når det blir rein seriefinale mot Tornado Måløy. Trass ein heroisk sluttspurt frå Bergsøy, gjekk Tornado Måløy sigrande ut av kampen.

Det betyr at Årdal berre har det eine poenget ned til laget frå nordvest før dei to laga skal møta kvarandre i siste serierunde neste helg. Årdal toler faktisk eit tap, men då må også Bergsøy også tapa mot jumbolaget Larsnes/Gursken.

– Det er å gambla høgt. No er Larnes/Gursken heilt i botn, og Bergsøy kjempar for livet dei òg. Me går berre for siger i neste kamp, seier Årdal-trenaren.

– Eg har sagt det heile tida. Me kan ikkje rekna med hjelp frå andre. Me må berre ta imot Tornado Måløy og gjera jobben.

Norborg såg også ut til å få med seg tre poeng mot Arna-Bjørnar, men eit seint utlikningsmål frå Vegard Agdestein forsikra at Norborg spelar i 4. divisjon neste sesong.

Stryn best i gong

Det var Stryn som opna best mot eit defensivt anlagt Årdal, som måtte klare seg utan toppscorar Preben Strypet som var suspendert med for mange gule kort.

Første sjanse til heimelaget kom likevel ikkje før i det 20. minuttet. Stryn rulla opp på høgrekanten, der Vegard Savland slo inn føre mål. I boksen kom Karl-Erik Aarsheim stormande, men sekundet for seint.

Like etter halvtimen var spelt kom Årdals første avslutning i kampen. Den sjansen fell til Christian Stedje, som skaut over. Like etter var same mann gjennom aleine med keeper, men ei lang tå frå Erling Myklebust fekk hindra avslutning.

Det gjorde sitt til at laga var like langt til pause etter ein relativt sjansefattig omgang. 

Stedje skaut like utanfor

Etter kvilen fall den første sjansen til Stryn. Igjen var Savland på farten, men denne gongen valde han å avslutta sjølv. Det var ikkje dumt, men forsøket gjekk eit par meter over mål.

For Årdal heldt Stedje fram med å testa skuddfoten. Etter at Tim Teigen skaut rett på keeper, fyrte Årdal-spissen av, men berre like utanfor. 

Det var ikkje berre Årdal som ikkje hadde lukka med seg. I det 63. minuttet fell ballen perfekt til Karsten Bjelde, men avslutninga frå fem meter gjekk utanfor. 

Åtte minuttar seinare var det Sandal som avslutta på halvvolley, men heller ikkje han fekk ballen innanfor stengene. 

Det gjorde heller ingen andre, og trass i eit par ekstremt spennande sluttminuttar på overtid, enda det 0-0 i Stryn.

Tornado Måløy leverte varene

I motsetnad til Årdal gjorde Tornado Måløy akkurat det dei måtte mot Bergsøy. Sunnmørslaget bydde ikkje på nokon form for motstand og låg under med to  før ti minuttar var spelt. 

Endre Kupen sette inn både 1-0 og 2-0 for Tornado Måløy før Frank Sverre Skorpen reduserte. Vondt blei verre då Darius Zutautas blei vist det raude kortet for bortelaget.

Erik Raknes Forthun auka leiinga til 3-1 og 4-1 med to mål i laupet av tre minuttar i starten av andre omgang.

Først då vakna gjestane frå Sunnmøre. Med litt over 20 minuttar igjen kom 2-4-reduseringa før Kestitus Deveika satte inn 3-4. Men fleire mål makta ikkje Bergsøy å setta.

Dette betyr at det blir ein seriefinale når Årdal tek imot Tornado Måløy neste helg. Årdølene toler faktisk eit tap her så lenge også Bergsøy tapar mot jumbolaget Larsnes/Gursken.

Til toppen