REVANSJERTE SEG: Ivan Øy og Jan Kåre Stedje kan nøgd innkassere tre poeng i Kretsligaen etter sigeren mot naborivalane i Vik.
REVANSJERTE SEG: Ivan Øy og Jan Kåre Stedje kan nøgd innkassere tre poeng i Kretsligaen etter sigeren mot naborivalane i Vik. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Årdal fekk revansj – slo naborivalane

Christian Stedje og Truls Hovland scora måla då Årdal tok tre viktige poeng mot Vik fredag kveld.

Vik – Årdal 1-2

Vik: Sist laga møttest vart det tap for årdølene då Vik gjesta Jotun stadion. Fredag kveld slo Årdal tilbake. Takka vere mål frå Christian Stedje og Truls Hovland før og etter ei Thomas Hjortland-scoring, enda det 2-1 til gjestane frå industribygda.

– Me skapte ein heil del sjansar, men var ikkje effektive nok, seier Ivan Øy til Porten.no og viser til at laget hans hadde tre i tverrliggaren i løpet av kampen.

Etter at gjestane tok leiinga, kom Viks utlikning rimeleg kjapt. Litt for enkel baklengs, kallar Øy det. 2-1 kom, men så lenge årdølene aldri klarte å drepa kampen, levde håpet hjå vikjene.

– Vik køyrde på med lange ballar mot slutten og har bra duellstyrke. Det er litt småkaotisk, seier Øy, som blankt avviser at Vik skulle hatt straffe i sluttminuttane slik reporteren på Firda Live meinte.

Revansjerte seg

At det blir litt ampert mot naborivalane skulle berre mangla. Øy seier dei hadde 1-2-tapet på Jotun stadion friskt i minnet.

– Heime styrte me den kampen, og me veit kva me er gode på. I dag var det mykje det same kampforløpet. Me skapte ein heil del sjansar, men er ikkje dyktige nok og får pirka ballen inn oftare. Vik har uansett ingen klare sjansar utanom scoringa.

Med tre poeng i kveld går Årdal, som var nummer fire, frå Vik (5. plass) på tabellen. No er dei oppe på 3. plass, der Florø 2 har ein kamp til gode. Føre der igjen ligg Sogndal 2 og Stryn.

– Me satsar på pallen. Me må vera realistiske, så dersom me er på pallen, er me nøgde med årets sesong, seier Øy.

Til toppen