REDDANDE ENGEL: Fredrik Aspeseter Sørli blei ein reddande engel for Årdal då han sette inn utlikningsmålet og berga poeng for raudtrøyene. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
REDDANDE ENGEL: Fredrik Aspeseter Sørli blei ein reddande engel for Årdal då han sette inn utlikningsmålet og berga poeng for raudtrøyene. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal FK berga poeng på overtid

Årdal FK spelte 2-2 mot Bergsøy i Fosnavåg i ettermiddag. Det vart heftige minuttar mot slutten, der Fredrik Aspeseter Sørli sette inn utlikningsmålet like før dommaren bles av kampen.

Bergsøy – Årdal 2-2

Årdal: Det vart ein dramatisk kamp mellom Bergsøy og Årdal FK på Havlia Stadion i ettermiddag.

Bergsøy som låg midt på tabellen før kampstart, scora det første målet etter

18. minuttar. Truls Hovland og Årdal FK utlikna til 1-1 i det 46. minutt, ei klassescoring frå 35 meter like før pause.

Direkte raudt til Kauppi Straumsheim

Det skulle sjå ut som om Bergsøy skulle stikka av med sigeren då dei auka til 2-1 då kampen var 87. minuttar gamal. Heimelaget smokka inn ei scoring frå straffemerket, då dommaren meinte dette var meir enn god nok grunn etter først å gje Årdal-spelar Endre Kauppi Straumsheim direkte raudt etter duellen med Franjo Tepuric.

2-2 like før slutt

Då kampen var i ferd med å ebba ut, skaut Robin Moheim mot mål i ein "klabb og babb"-situasjon, men Bergsøy-keeper måtte gje retur, men innbyttar Fredrik Aspeseter Sørli fekk ballen i nota, og sørga for 2-2 resultat då klokka viste 92. minutt.

Årdal gjekk såleis på sin sjuande kamp utan tap i haust.

Burde avgjort kampen i andre omgang

Hovedtrenar Ivan Øy seier til Porten.no at dei er nøgde med poeng i det han meiner ettter å ha tenkt seg om, er ein god kamp på ein bortebane sett frå Årdal si side.

- Men me hadde fleire sjansar, og burde avgjort det med scoringar midt i andre omgang. Då hadde me taket på dei, seier han, men understrekar at det er bra at gjekk som det gjekk trass alt.

Årdal snytt for to straffespark

Øy meiner også at årdølene vart snytte for to straffespark. - Eine gongen meiner me Bergsøy hadde hands innafor 16-meteren, andre gongen vart Truls Hovland felt innafor 16-meteren, men dommarane var ikkje einige med oss.

- Kva skjedde då Kauppi Straumsheim fekk direkte raudt kort, og Bergsøy fekk straffe? Var de einige i dette?

- Kanskje greit at han fekk raudt kort i ei hard takling, i og med at Tepuric var i klar posisjon for å scora. Men me nektar for at dette var innanfor 16-meteren, det var difor me protesterte mot at det vart straffespark, seier Øy.

Har stor tru på resten av haustsesongen

Han er elles godt nøgd med haustsesongen til Årdal FK, med tre sigrar og fire uavgjorte kampar.

- No er det att seks kampar å spela. og me ser positivt på dette. Me trur det kjem til å gå bra i høve til å halda seg i divisjonen, seier Øy.

Vegard Bukve Aafedt og Joye Sinton var ikkje med på grunn av skade, Martin Gullaksen og Ørjan Skilbrei var ikkje med på grunn av jobbsituasjon.

Årdal FK ligg no på 10-ande plass på tabellen der 14 lag er lag med.

Til toppen