Eid - Årdal FK: 2-2
Det starta svært dårleg for årdølene; etter tjue minuttar stod det 2-0 til heimelaget etter to scoringar av Vebjørn Høynes.
Eid var best i 1. omgang, men årdølene tok meir og meir over, og vel eit kvarter uti 2. omgang reduserte ÅFK til 2-1 etter at Andreas Natvik plukka opp ein retur etter eit frispark og putta ballen i nota.
Siste halvtimen pressa årdølene hardt på for å få utlikninga, og då det verkeleg byrja å sjå mørkt ut sette Jonny Aspeseter Hagen inn 2-2 to minuttar på overtid.
- Ein tafatt 1. omgang gjer at Eid leier fortent 2-0 til pause. Då skjønar me at me måmeir direkte på Eid og ta det dei ikkje er så gode på. Så får me den utlikninga heilt på slutten, og me burde hatt fleire før. Men me er nøgde med at hevar oss sopass etter ein begredeleg 1. omgang, seier ÅFK-trenar Ivan Øy.
- God kollektiv innsats i 2. omgang
Lærdølen Andreas Natvik scora i sin andre kamp på rad, og det kan sjå ut til at Øy har fått eit bra angrepsvåpen frå nabobygda.
- Andreas med to mål på to kampar viser at han er farleg på dødball. Og det er der me gjer det ettersom andremålet i dag kom etter corner, seier Øy.
- At de spelte dykk sopass opp og berga eitt poeng siste minuttane; er det noko som kan heva dykk i dei komande kampane etter slunken poengfangst i oppstarten av sesongen?
- Heilt klart, det er det me må ta med oss no. Me fekk sjå i dag kva nivå, intensitet og innsats me må ha. Ting går ikkje av seg sjølv. Men veldig god kollektiv innsats i 2. omgang er det som bergar det eine poenget.