TO PÅ RAPPEN: I byrjinga av andre omgang auka Årdal FK leiinga heile to gonger. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
TO PÅ RAPPEN: I byrjinga av andre omgang auka Årdal FK leiinga heile to gonger. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Årdal FK briljerte

Årdal FK og Kristiansund BK II spelte på Jotun Stadion laurdag. Med intense duellar i byrjinga av kvar omgang, enda kampen 3 - 0 til heimelaget.

Årdal FK – Kristiansund BK 2 3-0

Årdal: Kampen byrja med fleire kjempesjansar til Årdal FK, og allereie etter fem minutt kom fyrste målsjanse til heimelaget. Rett etter fekk dei enno ein sjanse, der ballen gjekk rett i nettet. Diverre vart målet vart annulert.

Umiddelbart etter tok Preben Strypet over styringa, og var sekundar frå å få ballen i mål. Årdal FK treff hammaren på spikaren ti minuttar etter start, og duoen Christian Stedje og Truls Hovland får endeleg ballen i mål etter mange gode sjansar i forkant. 

Artikkelen held fram under biletet.

INTENST: Det var intense duellar i byrjinga av fyrste omgang.
INTENST: Det var intense duellar i byrjinga av fyrste omgang.

To på rappen

Utover i fyrste omgang dabba tempoet av for Årdal FK, og det vart lengre mellom målsjansane etter den intense byrjinga. Mykje av aktiviteten skjedde på heimelaget sin banehalvdel, der Kristiansund BK II fekk lov til å spele ballen altfor nær mål. 

Femtisju minutt ut i andre omgang tok Preben Strypet styringa for andre gong denne kampen, og no satt ballen i mål. Under minuttet seinare vart det Ørjan Skilbrei sin tur, og resultatet vart då auka med to mål på berre nokre få minutt.

Årdal FK kontrollerte gjennom heile kampen, men la seg litt nedpå etter dei intense duellane i byrjinga av kvar omgang. Totalt vart det utdelt to gule kort, eitt til kvar av laga. 

Sjølvtillit

– Dette gjev oss sjølvtillit i tillegg til viktige poeng, seier trenar Ivan Øy etter kampen. 

Han er særs nøgd med kampen i dag, og fortel at dei tok seg saman i andre omgang etter å ha invitert Kristiansund BK II med i kampen i fyrste del av kampen. 

- Me slapp lufta ut av Kristiansund med to mål tidleg i andre omgang. 

Til toppen