FOR SEINT UTE: Årdal Fotballklubb var for seint ute med å melde på eit eige andrelag i 5. divisjon og eit eige gutelag for denne sesongen. Dermed fortset samarbeidet med Jotun og ÅTIL, om samarbeidslaget i 5. divisjon.  
 
FOR SEINT UTE: Årdal Fotballklubb var for seint ute med å melde på eit eige andrelag i 5. divisjon og eit eige gutelag for denne sesongen. Dermed fortset samarbeidet med Jotun og ÅTIL, om samarbeidslaget i 5. divisjon.   

Årdal FK får ikkje stille eige gutelag

Medan Årdalstangen IL stiller med eit ekstra gutelag i 1. divisjon 11-ar gutar denne sesongen. Dei tek dermed over plassen til Jotun IL, som i år berre stiller med eitt lag i 9/7 serien gutar. 

Det vart Sogn og Fjordane fotballkrins einige om tysdag. 

Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, fortel at krinsen ikkje aksepterer grunnleggande endringar så kort tid før seriestart. Krinsen har likevel opna for Årdalstangen IL (ÅTIL) sitt ønske om eit ekstra lag. 

– Krinsen opna for dette, etter eit ønskje frå ÅTIL om å stille eit ekstra fotballag. Årsaka var at  ein del spelarar har meldt overgang frå Jotun. Ein konsekvens er at Jotun ikkje har nok spelarar til å stille to lag slik som påmeldt. Jotun vel difor å  trekke laget i 1. divisjon 11-ar gutar, og ÅTIL tek den plassen, fortel Myklebust. 
 
Dermed stiller ÅTIL med tre fotballag denne sesongen; i 1. divisjon 11-ar gutar, 2. divisjon 11-ar gutar og i 9/7 serien gutar. Mens Jotun IL berre stiller lag i 9/7 serien gutar. 

– Må halda seg til fristen 

– Kva med ønsket til Årdal FK om stille eige gutelag for denne fotballsesongen?
 
– Å trekke eller melde på lag no like før seriestart har store konsekvensar for laga og for andre deltakande lag i serien. Når me gir ein frist for påmelding skal det vera ekstraordinært for å endre desse. Me kan ikkje akseptera at korta blir stokka om heilt på nytt. Det gjeld i Sogn og i fylket elles. Årdal FK har ikkje meldt på gutelag innan fristen og får heller ikkje stille gutelag for denne sesongen, fortel Myklebust.

Myklebust har tillit til at klubbane brukar tida fram mot neste sesong til å få til ei fullverdig løysing for ungdomsfotballen i Årdal. Kravet er at endringar må på plass før påmeldingsfristen er ute for sesongen 2016. 

– Følte me måtte stille eige lag

Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK, seier til Porten.no at klubben forheld seg til fotballkrinsens avgjerd, då Årdal FK var for seint ute med å melde på gutelaget. 

– Kvifor ville de stille eige gutelag i Årdal FK?

– Det var på grunn av at ein del av spelarar ville ut av Jotun IL og inn i Årdal FK. Me følte me måtte stille eige gutelag i Årdal FK, men var uansett for seint ute, seier Øvstetun. 

På spørsmål om korleis Årdal FK vil jobbe for å finne ei løysing for sesongen 2016, svarar Øvstetun at dei tre laga må setje seg ned for å diskutere saka til hausten og i god tid før påmeldingsfristen for sesongen 2016. 

Får ikkje bryta ut av samarbeidet om seniorfotballen

Sogn Avis skriv i tysdagsutgåva av papiravisa, at Årdal FK ikkje får lov å bryta ut av samarbeidet med Jotun og ÅTIL om seniorlaget i 5. divisjon. Dermed fortset samarbeidet mellom dei tre klubbane i Årdal. 

Myklebust fortel til Porten.no at dei tre klubbene var einige om å stille felles lag for sesongen, noko som vart innvilga. Så fekk fotballkrinsen melding om at Årdal FK ville ut av samarbeidet og vurderte å stille eit eiget lag. Det vart ikkje akseptert av fotballkrinsen, då meldinga kom etter påmeldingsfristen for serien. Eit alternativ var at Jotun og ÅTIL fortset utan Årdal FK, eller at heile samarbeidslaget vart trekt.

Myklebust fortel at gjennom dialog vart partane einige om å fullføre serien med samarbeidslaget. 

– Når det er inngått ei samarbeidsavtale, kan ein ikkje trekke seg og melde inn eit nytt lag få dagar før seriestart. Som følge av dialog mellom partane vart dei einige om å halde fram samarbeidet. Frå vår side var det ikkje aktuelt å setje inn eit nytt lag, fortel Myklebust. 

ÅFK: – Ulike oppfatningar

– Kvifor ville de bryta ut frå samarbeidet med Jotun og ÅTIL?

– Det var fordi me har ulike oppfatningar om kva samarbeid betyr. Det er vanskeleg å bygge eit samarbeid når me får ulike signal frå leiaren og det sportslege utvalet i Jotun på bruken av spelarar i 5. divisjon. Difor valde me å seie i frå, seier Øvstetun. 

– Men i pressemeldinga, som vart sendt 29. mars, skriv du "Av ulike årsakar, aller mest av omsyn til dei aktive og deira spelarutvikling, finn Årdal FK det rettast å trekka seg frå felles-laget." Kva meiner du?

– Vår oppfatning er at me kan ha inntil fem spelarar frå Årdal FK i 3. divisjon på samarbeidslaget i 5. divisjon, mens Jotun seier at det har me ikkje rett til. Det betyr at våre reservar ikkje får spela kampar. Med ulike signal frå Jotun, valde me å markera dette tydeleg, forklarar Øvstetun. 

– Korleis ser du no på sesongen med samarbeidslaget?

– No er det uansett for seint å få inn eit eiget andrelag for Årdal FK i serien. Me overheld det me har forplikta oss til for denne sesongen, det skulle berre mangla, seier Øvstetun. 

Jotun: – Reagerar på måten ting vart gjort på

Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i Jotun, seier Jotun ikkje har gitt Årdal FK ulike signal. Årdal FK har fått skriftleg at dei fem plassane på samarbeidslaget står ved lag. 

– Årdal FK har tufta sine avgjersler om å bryta ut frå samarbeidslaget på eit rykte frå eit internmøte i Jotun. Det vart avkrefta av sportsleg leiar i Jotun, Arne Håkon Laberg, alt før Årdal FK valde å sende ut pressemeldinga om at dei ønskjer å gå ut av samarbeidet om seniorlaget og i tillegg danne eit nytt gutelag, seier Rønningen.  

Rønningen er klar på at måten Årdal FK har vald å agera på ikkje skapar eit godt klima og han går så langt som å seie han ikkje har opplevd makan. 

– Årdal FK respekterte ikkje avtala me har frå 2013, om å ikkje starte eit eige gutelag. Å velja å sende ut ei pressemelding før dei har sjekka ut om dei faktisk kan melda på eigne lag for sesongen, har skapt mykje støy utan at det vorte noko av noko. Resultatet er at nokre av Jotun-spelarane har gått over til gutelaget til ÅTIL, slik at Jotun står att med eitt gutelag for sesongen, seier Rønningen. 

På spørsmål om korleis Rønningen ser på sesongen 2015, seier han at den vil bli gjennomført på ein god og profesjonell måte. Sjølvsagt kan det by på problem når dei veit at nokon vil ut av samarbeidet, men han håpar det blir løyst på ein god måte. 

Til toppen