KLAR FOR KAMP: Laurdag kveld møter Årdal FK Austlandslaget Flisa på bortebane. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
KLAR FOR KAMP: Laurdag kveld møter Årdal FK Austlandslaget Flisa på bortebane. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Årdal FK - Flisa: - Det blir ein tøff batalje

– Me må vera veldig disiplinterte for å oppnå eit godt resultat som me er nøgde med, seier trenar Ivan Øy før kampstart. 

Årdal: Laurdag klokka fire skal Årdal FK møte fotballaget Flisa på bortebane i 3. divisjon. 

Les også: – Dette var ein start me ikkje trengte

Førre helg starta Årdal FK årets sesong med tap mot Hallingdal. Spissen Preben Strypet fekk også raudt kort og er utvist i dei tre kommande kampane. 

Les også: Raudt kort: Må stå over tre kampar

Overraska over tapet

Trenaren meiner at kampen Årdal FK spelte førre helg mot Hallingdal, var ein av dei dårlegaste kampane laget har spelt i år. 

– Eg er overraska over at me tapte etter å ha sett kvaliteten Hallingdal hadde og korleis kampen utvikla seg, seier han. 

Det som irriterer han mest, er måten årdalspelarane spelte denne kampen samanlikna med tidlegare treningskampar i år. 

– Eg føle at me ikkje berre tapte poeng, men me tapte for eit lag som me eigentleg burde ha slått. Dette var jo den viktigaste kampen, starten på serien, seier Øy. 

Møter eit topplag

Flisa er spådd til å vera eit av topplaga i Austlandsavdelinga som årdølene no spelar i. 

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

– Me kjem til å møte eit godt lag. Flisa er eit av dei laga som kjem til å ligga i toppen, vertfall blant dei fem beste laga i avdelinga. Om ein ser tilbake i historia, så tilseier det at dette kjem til å bli ein tøff batalje, seier Øy. 

Les også: – Den klart tøffaste avdelinga på Austlandet

Han meiner laget må vere veldig disiplinerte om dei skal klara å oppnå eit godt resultat som dei kan vere nøgde med. 

Høge skuldrar

Øy trur spelarane hadde litt for høge skuldrar og var litt vel anspente i kampen mot Hallingdølene. 

– Når ein har ein frykt for å ikkje lykkast, er vegen kortare for at ein faktisk mislykkast, seier han. 

Det er større rom for å vere skuffa når ein tapar på heimebane. Laurdag kveld møter årdølene Flisa på bortebane. 

– Ein kjem på besøk til ein anna klubb og skal prøve å gjere det så godt ein kan for å ta poeng. Her er det mykje mentale ting som gjeld. Nokre lag er gode borte og andre er ikkje fullt så gode, seier han. 

 

Til toppen