SKILLER LAG: Årdal FK trekker seg frå samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/ÅFK 2 og startar i staden sitt eige lag i tillegg til eit gutelag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SKILLER LAG: Årdal FK trekker seg frå samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/ÅFK 2 og startar i staden sitt eige lag i tillegg til eit gutelag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal FK går sin eigen veg

Årdal har meldt på eit seniorlag til og startar gutelag.

Det skriv Årdal Fotballklubb i ei pressemelding søndag ettermiddag. Då blir det tre seniorlag i bygda denne sesongen likevel.

– Av ulike årsaker, aller mest av omsyn til dei aktive og deira spelarutvikling, finn Årdal FK det rettast å trekka seg frå felleslaget, heiter det i pressemeldinga.

I tillegg har eit samrøystes styre bestemt seg for å starte eit 2. lag i senior og eit gutelag. Begge vedtaka har verknad umiddelbart.

Årdal FK vel dermed å gå sin eigen veg berre månadar etter at dei vart samde med ÅTIL og Jotun om eit samarbeid om 2. laget. Bakgrunnen for den avgjerdsla var at samtlege lag, Årdal, Årdal 2 og Jotun, hadde problem med å stille nok folk til kampar, noko også resultata viste. 

– Årdal FK ynskjer, saman med alle klubbar i regionen, å vera med på å leggja til rette for at born og unge som ynskjer fotballaktivitet på ulike nivå skal ha best mogleg tilhøve. 

Til toppen