Årdal: Årdal FK spela mot Sander på bortebane laurdag. Då dei møtte kvarandre i vår, sigra Årdal Fk med heile 10 mål og denne gongen sigra dei igjen.
Sander- Årdal fk: 0-4
Etter 21 minutt scorar Preben Strypet det første målet for Årdal Fk. Vegard Bukve snappar opp ballen og slår den inn i feltet. Strypet stig til værs og stangar ballen i målet.
Berre 3 minutt seinare scorar Årdal Fk igjen, og denne gongen er det Truls Hovland som scorar målet. Han skyt eit langskot frå 25 meter, rett i krysset.
Årdal Fk gjekk til pause med 0-2 leiing.
I andre omgang får Årdal Fk inn fleire mål og deira tredje mål kom etter 55 minutt. Hovland kom ned på høgrekanten og la ballen inn i feltet. Preben Strypet hoppar over ballen, då Terje Kvam Øvstetun ropar "hopp". Dette gjer at sistnevnte får ballen heilt åleine med keeper og kan enkelt sette den i mål.
Kampens første gule kort gjekk til Årdal Fk spelar Fredrik Sørli.
Årdal Fk sitt fjerde mål og det siste målet i kampen kom etter 86 minutt. Terje Kvam Øvstetun med eit flott fotarbeid og etter litt klabb og babb i feltet får Joachim Furseth ballen på 10 meter hold. Furseth sett ballen sikkert i mål.
Kampen endar med 4 målssiger til Årdal Fk og laget frå Årdal forsett den fantastiske rekka si utan tap.
Fjøra Fk - Bergsøy: 2-1
Ganske tidleg i kampen får Fjøra inn kampens første mål. Mats Nondal legg inn til Mathias Flo som enkelt sett ballen i mål til 1-0.
I det 25 minutt får Bergsøy straffe og Franjo Tepuric setter sikkert inn mål og utlignar til 1-1.
Det er uavgjort mellom laga lenge, men på overtid får Fjøra straffe. Mathias Flo blir felt innanfor 16-meteren. Gøran Wigum scorar det siste og avgjerande målet frå straffemerket.
Fjøra sigra 2-1 over Bergsøy på heimebane laurdag.