SIGER: Årdal Fk sigra mot Jevnaker på heimebane. Foto: Kaja Nygård 
SIGER: Årdal Fk sigra mot Jevnaker på heimebane. Foto: Kaja Nygård 

Årdal Fk i god flyt

Laurdag sigra Årdal Fk over Jevnaker og med dette forsett dei den gode rekka si utan tap. 

Årdal: Laurdag spela Årdal Fk mot Jevnaker på Jotun Stadion. Årdal Fk ligg på sjette plass på tabellen, medan Jevnaker ligg på nest siste plass. 

Det var ein kamp prega av mange sjansar, men lite mål. Årdal Fk scora det første og siste målet i kampen. Med dette held dei fram den gode rekka si utan tap. 

Årdal Fk- Jevnaker: 1-0

Etter omlag 30 minutt scorar Ørjan Skilbrei mål for Årdal Fk og heimelaget går opp i 1-0 leiing. Dette blir også resultatet i kampen. 

- Me er nøgd med å få 3-poeng i dag, men det er nokre ting me må ta tak i viss me skal heve oss, seier trenar Ivan Øy.

Han legg til at Jevnaker var gode motstandarar. 

- Jevnaker har nok gjort heimeleksa si. Dei tok oss på ein del ting som dei veit me er gode på. Då stoppa det litt opp for oss. Men det blei siger, og det er me nøgd med. 

I andre omgang får ein Jevnaker spelar raudt kort og må gå av bana i frustrasjon. Jevnaker spelar då med ein spelar mindre dei siste 15 minutta av kampen. 

Til toppen