Årdal FK i lykkerus og vinnarmodus

Årdal FK i lykkerus og vinnarmodus

Årdal FK vann 2-0 over tabelltoar Herd i ettermiddag. Dette blir den niande kampen utan tap denne haustsesongen.

Det er lenge sidan ein har sett og kjent på den ekte fotballgleda som fann stad både på og utanfor bana etter kampen i dag. Spelarar og støtteapparat kasta seg i armane på kvarandre, medan publikum stod og gliste.

Sjå fotogalleri øvst oppe i artikkelen. Bla med pilene. (Foto: Siren B. Svortevik og Fredrik Saltbones).

Truls Hovland scora det første målet etter 35. minuttar.

SCORINGSMASKIN: Her set Truls Hovland inn kampens første mål etter 35. minuttar.
SCORINGSMASKIN: Her set Truls Hovland inn kampens første mål etter 35. minuttar.

Christian Stedje dundra inn 2-0 målet frå 35 meter då kampen var 53. minuttar gamal. Mange meiner dette er årets mål på Jotun stadion.

GOD KAMP: Christian Stedje gjorde ein svært så god kamp, og dundra blant anna inn 2-0 scoringa frå 35 meter og inn i krysset i nettmaskene.  Årets mål på Jotun Stadion?
GOD KAMP: Christian Stedje gjorde ein svært så god kamp, og dundra blant anna inn 2-0 scoringa frå 35 meter og inn i krysset i nettmaskene.  Årets mål på Jotun Stadion?

Tøffaste av dei tøffaste

- Dette var desidert den tøffaste av alle knallharde kampar me har spelt i haust, gliser ein godt nøgd kaptein Marcin Brzykcy til Porten.no etter kampen.

Han seier at denne sigeren smakte ekstra bra i det han kallar ein vanskeleg kamp.

- Eg vil rosa trenarane våre Ivan Øy og Jan Kåre Stedje som i kvar einaste kamp i haust har forklart oss nøye korleis me skal spela mot dei me møter. Altså ulik taktikk frå kamp til kamp, seier kapteinen.

Han skryt også av alle spelarane som i haust har fått opp lagmoralen og spelar med hovudet høgt heva frå første stund i kvar kamp. 

- Me har hatt ein svært god stall. Alle er med og bidreg. Og no tenkjer eg ikkje berre på dei som startar i kvar kamp, men også på innbyttarar, og dei som sit på benken og ikkje alltid kjem inn. Laget har tyngde, og me har ein jamn stor stall også på treningane. Dette har gjeve oss alle sjølvtillit, me veit at andre kan steppa inn om nokon ikkje har dagen, er slitne eller skada, seier Brzykcy.

JUBLA HØGT OG LENGE: Kaptein Marcin Brzykcy var blant dei som jubla høgt og lenge etter kampen, og klemte alt og alle til liks med andre spelarar og støtteapparat.
JUBLA HØGT OG LENGE: Kaptein Marcin Brzykcy var blant dei som jubla høgt og lenge etter kampen, og klemte alt og alle til liks med andre spelarar og støtteapparat.

Årdølene har no klatra opp på den magiske grensa med 32 poeng og åttande plass. 

Kampfakta:

Fotball, menn 3. divisjon

Årdal FK-Herd: 2-0 (1-0)

Jotun stadion, laurdag 3.oktober

Publikum: Ca. 280

Mål: 

1-0: Truls Hovland (35.min)

2-0: Christian Stedje (53.min)

Lagoppstilling Årdal FK: Preben Gilleshammer, Eirik Rode, Kjetil Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Marcin Brzykcy, Joey Sinton (Fredrik Aspeseter Sørli frå 81.min), Christian Stedje (Vegard Aafedt Bukve frå 90.min), Brett Fellows (Marius Loftheim frå 91.min), Preben Strypet, Truls Hovland,  Ørjan Skilbrei. Lagleiarar: Ivan Øy, Geir Reidar Hestetun, Marc Falco.

Gult kort: Havtor Skeide, Herd

Dommarar: Asbjørn Håre (Fjøra), Jonny Skjerven (Kaupanger), Brede Nymark (Sogndal) 

 

Til toppen